BJØRNAR SØRHEIM

Natt til fredag hadde nokre personar, sannsynlegvis fleire, teke seg inn på barnehagen sitt område. Her hadde dei bróte seg inn i eitt av barnehagen sine bygg ved å knusa eit vindauge og gjort hærverk inne i huset. Vidare hadde dei teke brannslukningsapparatet og spraya rundt med det, kunne politiet opplysa Fredag ettermiddag.

Drepte høns

Men hærverket var ikkje det verste som møtte personalet i barnehagen når dei kom på jobb Fredag morgon. Gjerningsmennene hadde også teke livet av to av hønene barnehagen hadde inne på området sitt. Desse vart funnen rundt på området opplyser Politiet. I tillegg til dette var det i eitt av husa innrissa eit hakekors på veggen. Politiet ser alvorleg på saka spesielt siden det er barn inne i bildet.

— Barna i barnehagen er forsøkt skjerma frå hendinga, men både personalet og barna er sjokkerte over at slik kan skje, seier ei talskvinne for Politiet.

Andre innbrot

Natt til Torsdag hadde nokon teke seg inn på barnehagen sitt område og øydelagt blomsterpotter og liknande. Då hadde også ein av hanane til barnehagen forsvunne. Poilitiet trur på ein samanheng.

— Me går ut ifrå at det er dei same gjerningsmennene og sjekker dei me har grunn til å tru kunne gjera noko slikt, seier politiet.