Nær turstigen låg ein daud gris og ein daud spekalv.

Arne Oftedal ved Mattilsynets distriktskontor på Stord opplyser at slike kadaver anten skal gravast ned eller sendast til brenning hos firma som tek seg av slikt.

– Å la kadavera liggja ope i dagen er ei dårleg løysing sjølv på kalde dagar som no, seier Oftedal som meiner ei presenning burde vore dekka over dei daude dyra.