1. februar kom Maia til verda på Stord sjukehus si fødeavdeling. Mora er overtydd om at ho ville ha mista barnet om avdelinga var redusert til fødestove, slik Helse Vest ønskjer.

— Svangerskapet gjekk heilt etter planen. Men så losna morkaka brått under fødselen. I løpet av minuttar kunne Maia vore død, fortel Gunn Tove Dreyer Samuelsen om den dramatiske fødselen til sitt femte barn.

— Det hadde aldri gått bra om ikkje fødeavdelinga hadde akuttfunksjonar. Ein transport til Haugesund sjukehus ville teke altfor lang tid, også med helikopter. Dette kan også skje andre. Samfunnet må vakna. Vi kan ikkje setja liv på spel for mor og barn berre for at staten skal spara pengar, seier Dreyer Samuelsen. Ho har engasjert seg i aksjonen mot Helse Vests framlegg om å fjerna akuttkirurgien frå lokalsjukehusa.

Mødrer med LO-støtte

I Sunnhordland har Astrid Steinsland og Marit Himle Pedersen starta underskriftskampanje for å halda oppe akuttberedskap og fødeavdeling ved sjukehuset på Stord.

Stord-kvinnene har fått full støtte frå det mannsdominerte Fellesforbundet og LO i Sunnhordland. Underskriftslister er lagt ut på over hundre forretningar og bedrifter i regionen. Den første veka skreiv to-tre tusen personar seg på listene. 8.mars gjekk 700 i fakkeltog på Leirvik til støtte for sjukehuset.

— Vi har stått på barrikadane for sjukehuset før. Vi kan ikkje tillata ei nedbygging av sjukehuset, vi veit kor viktig akuttfunksjonane er for å berga liv i Sunnhordland, seier Fellesforbundets sekretær på Stord, Roald Agdestein.

Vil ha Høybråten over

— Strategien vår er å invitera helseminister Dagfinn Høybråten hit. Då skal vi blant anna visa han kor lang avstand det er mellom Rosendal og Haugesund, ein ambulansedistanse som kan bli aktuell dersom akuttfunksjonane skal samlast ved Haugesund sjukehus, seier Roald Agdestein.

— Vi går ikkje med på å bli ein helsemessig utkant, seier han.

Gunn Tove Dreyer Samuelsen og Marit Himle Pedersen viser også til at det er investert store summar i den nye fødeavdelinga på Stord.

— Det kan vera bortkasta dersom funksjonar blir fjerna. Ambulansetenesta vil også bli dyrare når fleire skal køyrast til Haugesund. Og kva med Sjukepleiarhøgskulen på Stord og rekrutteringa av kvalifisert helsepersonell lokalt når fagmiljøet blir mindre? spør Gunn Tove Dreyer Samuelsen og Marit Himle Pedersen.

«FØDEN»-AKSJON: Maia (1 mnd.) overlevde fordi fødeavdelinga på Stord hadde gynekolog og anestesipersonell i akuttberedskap, slår Gunn Tove Dreyer Samuelsen fast. Her mor og barn saman med Marit Himle Pedersen og LOs Roald Agdestein som har starta aksjon mot at lokalsjukehuset skal mista akuttfunksjonane.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR