Dressen fekk han ikkje bruk for på 17. mai. Ikkje finskorne, heller. Asgeir Nordal tilbrakte nasjonaldagen i pyjamas med foten i vêret på Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus.

—  Eg overvurderte eigne evner, seier 27-åringen.

  1. mai tok han sats og hoppa utfor ein tre meter høg murkant for å hente ei hundeleike.

—  I dèt eg landa kjende eg ei intens smerte i ankelen. Då BT møte Nordal i går, venta han på operasjon på niande dagen.

—  Det er greitt, men kjedeleg. Eg får dagane til å gå med å lese, løyse kryssord og surfe på pc’en.

19 i operasjonskø

Sist BT skreiv om uvanleg lang operasjonskø på Ortopedisk avdeling var i januar. 18 pasientar venta på operasjon. Mange hadde vore uheldige på glattisen. Overraskande nok kan mai vere minst like skummel. Måndag stod 19 pasientar, fleirtalet med knekte anklar, i kø for å bli opererte.

—  All aktivitet aukar i mai: Sport, hagearbeid, sykling, motorsykkelkøyring, fest, forklarar klinikkoverlege Ove Furnes.

Han hadde helst sett at operasjonskøen var halvparten så lang.

— Eg likar aldri at fleire enn 10 ventar. Vi kjem bakpå heile tida og får problem med å prioritere riktig, seier Furnes.

—  Truleg må vi skyve litt på planlagde operasjonar, slik vi måtte i vinter. Fleire hundre pasientar står på venteliste.

-  For liten kapasitet

Også i akuttkøen må pasientar vente på tur. Når ein knekt ankel ikkje blir operert innan 6-8 timar, må pasienten vente ytterlegare 5-6 dagar til hevelsen går ned, for å unngå sår og infeksjonar. I ventetida blir pasienten liggande på sjukehus.

At Ortopedisk ikkje får køen unna, skuldast ikkje for lite folk på jobb. Årsaka er at avdelinga berre har fire operasjonsstover, som også skal brukast til planlagde operasjonar. Furnes legg ikkje skjul på at han oppgitt over situasjonen.

- I mange år har vi mast om at vi har for liten operasjonskapasitetet. Vi burde ha to operasjonsstover til øyeblikkeleg hjelp kvar dag.

I dag vekslar Ortopedisk frå ei til to slike operasjonsstover annankvar dag.

— Vi får ikkje fleire. Sentraloperasjonen er sprengt, opplyser Furnes.

Sudoku i ventetida

På Post 2 ligg Kasper Lorentzen (17) med foten høgt. Også han var dumdristig like før 17. mai.

—  Eg hoppa ned ein fire meter høg mur.

-  Kvifor?

—  Ikkje spør, men det gjorde veldig vondt. Eg prøvde å stå på foten, men skjønte at han var knekt. Eg hinka bort til ein benk og ringde ambulansen.

Han har eit sudokublad i handa. Han har venta på operasjon sidan 16. mai.

—  Eg kan ikkje gjere stort anna enn å ligge her og vente.

- Lys i tunnelen

Stener Kvinnsland, administrerande direktør i Helse Bergen, seier at situasjonen ikkje er ønskeleg, og at han jobbar med denne typen problemstillingar kvar dag.

- Vi letar etter måtar å løyse kapasitetsproblem på. Å, kor eg skulle ønske at vi klarte det, seier Kvinnsland.

Samtidig understrekar han at situasjonen på Ortopedisk ikkje er alarmerande.

- Vi har hatt liknande tilstandar mange gonger i vinter. Det har ført til litt lei venting, men elles gått bra.

Kvinnsland opplyser at eit stort arbeid er på gang for å frigjere operativ kapasitet ved Sentraloperasjonen. Ei ny avdeling for hjertekirurgi og dagkirurgi skal avlaste sentraloperasjonen.

—  Det er lys i tunnelen. Når dette arbeidet er ferdig om to år, blir situasjonen mykje betre.

LANGE DAGAR: Asgeir Nordal blir truleg operert i dag. Då har 27-åringen venta på operasjon i 10 dagar.
JAN M. LILLEBØ