Eit massivt virusutbrot trugar no drifta ved Nordfjord sjukeshus, og har også brote ut ved Førde sentralsjukehus.

Stoppar operasjonar – Vi må i alle fall stoppe alle operasjonar i dag og i morgon torsdag, seier smittevernlege Jon Sverre Arnestad ved Nordfjord sjukehus.

– Så langt veit vi at 14 av våre tilsette er råka, og truleg tre av våre pasiantar.

Operasjonsavdelinga på Eid held altså stengt, og har berre beredskap for keisarsnitt og andre akutte tilstandar som må opererast.

Det dreier seg truleg om eit norovirus, som er svært smitsamt mellom folk. Viruset gir akutt diare og kvalme, men har eit relativt kort forløp.

Leiinga ved sjukehusa i Nordfjord og Førde drøftar no tiltak for å møte utbrotet.

Driftsproblem – Dette er først og fremst noko som forstyrrar drifta vår, seier Arnestad til bt.no.

– Vi blir ekstra sårbare når dette skjer ved begge sjukehusa samstundes.

I tillegg til full operasjonsstans dei neste dagane, har sjukehuset på Eid problem med å drive overvakingsavdelinga si.

Ved sentralsjukehuset i Førde er det registrert meir enn ti sjukdomstilfelle blant tilsette og pasientar.

Dei smita pasientane er no isolert på einerom, og Arnestad reknar ikkje med at magesjauen vil få alvorlege konsekvensar for dei.