— For meg ser det ut til at det er i ferd med å utvikle seg mafiatendensar. Besøk på arbeidsplassar kan vere ganske tøft. Vi blir no nøydde til å tenkje på vår eigen tryggleik, seier regionalt verneombod for Fellesforbundet, Harry Eide.

I går var Eide med Arbeidstilsynet og Skatteetaten på tilsyn på Askøy. På ein byggjeplass måtte dei inntil vidare stoppe alt takarbeid, fordi dette skjedde utan sikring. I går fann diskusjonen med entreprenør og arbeidarar stad under gemyttlege forhold. Slik er det ikkje alltid.

Tilspissa

— Når du møter den lokale byggmeisteren i Hardanger, er det kjekt. Det er dei gongene du står framfor ein arbeidsgjeng med åtte-ti utlendingar og oppdagar klare regelbrot, at det kan bli ganske tilspissa, seier Eide.

Verneomboda har ikkje som oppgåve å gå inn i konfliktar, og trekkjer seg difor alltid tilbake når det blir ampert.

— Eg opplever våre arbeidsforhold som ganske annleis no enn for nokre år sidan, seier Eide.

Det mest ekstreme tilfellet så langt var ein kollega av Eide ute for. Situasjonen blei så amper på arbeidsstaden at han blei forfølgd med øks. Meir vanleg er situasjonar der det blir framsett trugsmål, eller der verneomboda kjenner seg utrygge.

— Det kan arte seg på mange måtar. Veldig vanleg er det eg kallar for underliggjande trugsmål. Det er når avskjedshelsinga blir at dei håpar dei aldri ser oss att.

I det skjulte

Då verneombodet kom på ein byggjeplass på Kvamskogen fanst ikkje eit einaste stillas. Firmaet som var ansvarleg for prosjektet måtte til Stavanger for å hente sikringsutstyr.

— Entreprenøren tok sjansen på at det ikkje ville bli inspeksjon. Han hadde kalkulert det inn. Då vi kom, gjekk det utover fortenesta. Då blir det ikkje så kjekt.

Eide understrekar at mange av dei utanlandske arbeidarane kjem til landet på ryddige vilkår, og gjer ein svært god jobb. Dessverre blir no oftare det motsette tilfellet. Eide har fleire gonger opplevd å møte personar som opplagt arbeider heilt i det skjulte. Dei har ikkje eit einaste av dei løyve og papir dei skal ha.

— Vi har møtt utanlandske arbeidarar som ikkje anar kven dei jobbar for. Kanskje har dei berre eit telefonnummer til arbeidsgjevaren. Når vi undersøkjer nærare, finn vi ut at personen på telefonnummeret ikkje har noko med det å gjere. Eg kan ikkje sjå anna enn at dette må vere organisert, difor kallar eg det mafiatilstandar.

Organisert

Inspektør i Arbeidstilsynet, Arvid Samuelsson, seier dei er borti saker som han meiner i det minste har fragment av økonomisk kriminalitet over seg. Også dei tilsette i tilsynet opplever ein tøffare kvardag. Ikkje minst kan konfliktane fort kome til overflata innanfor bygg- og anleggsbransjen.

— Eg har hatt kollegaer som har opplevd lite hyggjelege situasjonar. Vi har difor avgjort at på tilsyn i bygg og anlegg, bør vi alltid vere minst to personar. Vi skal ikkje gå åleine, seier Samuelsson.

Det meiner også Harry Eide verneomboda no må tenkje på.

— Eg opplever i alle fall at vi no må ta større omsyn til vår eigen tryggleik enn det som har vore nødvendig før.

UTAN SIKRING: Inspektør i Arbeidstilsynet, Arvid Samuelsson, forlanger to arbeidarar ned frå taket på eit bustadbygg på Askøy.
Valde, Vegar
TIDSKLEMMA: Press på tid er eit problem i byggjebransjen, seier tømrar Jarle Thorgrimsen (t.h.). Han syns det er berre positivt med inspeksjon. Vi får oss nokre peikefingrar. Det treng vi av og til, seier han.
Valde, Vegar