Eit lite stykke Norge. Flittige fingrar broderer fargerike bringedukar og perlebelte. Syr eksotiske skjorter og forkle. Det er høgsesong på bunadsfabrikken på den afrikanske landsbygda. Mange nordmenn skal ha bunaden på stell til 17. mai.

Dei 70 arbeidarane i Kumasi, Ghana, produserer for Langtvekkistan. Vidarefører lokale draktskikkar frå stader dei aldri har vore, og aldri kjem til kome. Stader med rare namn som Nordhordland, Voss og Fana. Sogn, Sunnfjord og Hardanger.

Afrikanarane jobbar for Bunad og Stakkastovo AS på Osterøy, som først og fremst leverer til andre systover.

Råvarene er norske. Lin og bomull. Prisen for ei herreskjorte til Fana-bunaden er 6150 kroner, og for ei dameskjorte 6600 kroner.

— Det løner seg rett og slett ikkje å få sydd desse skjortene i Norge. Dessutan er det svært få som kan kunsten lenger, seier dagleg leiar Tatjana Hagebø Lone i Bunad og Stakkastovo AS.

«Folk som har kjøpt kinesiskproduserte bunader på internett, kjem gråtande til oss med stakken på knea etterpå, og spør om vi kan hjelpe». Per Willy Næsetth, Husfliden

Fem års ventetid. Veggen over symaskina er tapetsert med foto av smilande konfirmantar og brurepar, alle i bunad frå Olis Bunadsverksted på Nesttun. Dampen står som ei sky rundt innehavaren. Også ho har det hypertravelt i mai. Seks bunader skal ut før nasjonaldagen. Under strykejernet får to nysydde Fana-skjorter siste finpuss. Klypte etter kroppane til dei som skal gå med dei, sydde etter mål.

  • Mange av mine kundar er glade for å få opplyst at det meste av stoff og tilbehør er laga her i landet. Då blir dei ekstra stolte av bunaden.

Herreskjortene kostar 7300 kroner stykket. I morgon blir dei henta av to brør.

— Dei gler seg veldig, seier Oli Aasta Lilletvedt, og set dampjernet frå seg.

63-åringen har ordrebøkene fulle. Det er fem års ventetid på ein bunad frå Olis Bunadsverksted.

— To eldre damer over 75 år syr for meg. Den eldste er 85. Det er dei som gjer at eg er hjelpen. Når dei sluttar, veit eg ikkje kva eg skal gjere.

Ubroten tradisjon . Mor hennar sydde bunader. Tantene, også. Sjølv tok ho til å sy på 1960-talet, og sidan har ho sydd hundrevis. Lilletvedt også har vore med på å rekonstruere bunadene i Fana og Os.

  • Då får du eit anna forhold til det enn når du berre syr, seier Lilletvedt, som gjennom åra har lært bort kunsten til mange andre.

På kursa hennar er det to års ventetid. Men sjølv om interessa for bunad og -saum er stor, er ho likevel redd for at handverket skal døy ut.

— Mange av dei som syr i dag er over 60 år. Når mange får sydd seg bunad billegare i utlandet, ender det med at ingen her heime syr lenger.

Ho finn fram ein raud bringeduk.

— Når du må reparere denne, og ingen lenger kan fikse slikt her i landet, kva skal du gjere då? Sende den til Ghana?

100 timar pr. skjorte. Også Lone på Bunad og Stakkastovo skulle gjerne sett at det ikkje var behov for utanlandske bunadsfabrikkar.

— I ei ideell verd ville også eg helst at alt til bunaden skulle blitt produsert i Norge. Men gjennomsnittsalderen til dei som syr i dag er høg, og det er få i mi aldersgruppe som interesserte i å lære seg å sy, seier 34-åringen.

Å lage ei bunadsskjorte tek 100 timar. Med så lang produksjonstid ser ikkje Lone at det er mogleg å dekke etterspørselen med norsksydde bunadsplagg.

— Det er urealistisk.

  • Betyr det noko kor ein bunad er sydd?
  • Eg synest ikkje det, ikkje så lenge det blir gjort på rette måten. Kva er forskjellen på hender som syr bunadsskjorter av norske råvarer i Afrika og vietnamesiske hender som syr bunader i Noreg? Slik er det i mange produksjonsmiljø på Austlandet og i Trondheim, seier Lone.

Slutt på bunadstabuet. I løpet av dei tre første månadene i år har Bunad og Stakkastovo AS alt nådd halvparten av omsetnaden frå i fjor. I år kjem ostringane truleg til å omsetje for 3,5 millionar kroner, melder Bygdanytt.

— Å få sydd seg bunad i utlandet er ikkje lenger tabu slik som før. Folk har sett at kvaliteten er god. Det er det som betyr noko, seier Lone.

Sjølv om lønskostnadene i Ghana er lågare enn dei norske, understrekar Lone at dei ikkje utnyttar billeg afrikansk arbeidskraft. Arbeidarane får mellom anna helseforsikring, høve til banklån og varm mat. Mange av ungane deira får betalt skulegang. Kvinner får permisjon i samband med svangerskap og fødsel.

  • Vi hjelper til med å gi 70 familiar eit godt liv, seier Lone.

Bunadsfabrikken i Ghana er eit sympatisk og godt prosjekt, synest konkurrenten på Olis Bunadsverksted. Ho kjøper sjølv perler gjennom Osterøy-selskapet.

— Har du sett skjortene frå Ghana?

  • Ja, eg har sett dei, seier Lilletvedt.
  • Kva synest du?
  • Skjortene ser heilt ok. Eg har lagt merke til nokre småting, og det har eg gitt beskjed om, seier bunadseksperten.

Dette har Bunad og Stakkastovo for lengst retta opp i, får BT opplyst.

Heller bunad enn blådress . Bunad er in. Per Willy Næsseth er kjedeleiar for 30 butikkar i Norsk Flid Husfliden, som omsette bunader og bunadstilbehør for 130 millionar kroner i fjor.

— Vi har aldri produsert så mange som i dag. Damebunaden held seg på eit veldig høgt nivå, og stadig fleire menn byter blådressen ut med bunad.

Næsseth er på det reine med at ein del prismedvitne nordmenn tek sjansen på å kjøpe bunad som er sydd i utlandet.

— Vi har sett at mange kastar seg på denne bølgja, men også at den eine etter den andre får seg ei overrasking. Folk som har kjøpt kinesiskproduserte bunader på internett, kjem gråtande til oss med stakken på knea etterpå, og spør vi kan hjelpe. Det har vore fleire slike leie episodar, fortel Næsseth.

— Kven er dei største bunadskonkurrentane om 20 år?

  • Truleg vil det vere færre norske damer som syr. Mykje av den nye konkurransen vil kome frå aktørar som vel å produsere billegare utanlands.

Impulsar utanfrå. Bunaden har knapt vore 100 prosent norsk nokon gong. Mange av dei vart laga av vakre silkestoff, som sjøfolk tok med heim, og pynta med fargesterke, utanlandske band og perler. Bunadsvariasjon er bunadstradisjon.

— Å endre ein bunad er ikkje feil. Vossabunaden og Fanabunaden har vore i utvikling i ubroten tradisjon heile tida, seier sekretær Torild Finsrud Velure i Hordaland husflidslag.

Derimot synest ho det er leitt at stadig fleire norske bunader og folkedrakter blir sydde i utlandet.

— Det er sjølvsagt ikkje ei utvikling vi ønskjer, men dersom folk ikkje vil betale, er det heller ingen her som vil sy for luseløn, seier Velure.

— At du må til Ghana, ikkje Fana, for å få deg ei bunadsskjorte, er det som skurrar mest i vår tid.

Kva tykkjer du om at bunadsskjorter vert til i Afrika, og ikkje i Noreg? Sei meininga di.