Men det er Jonnemann, sonen til madam Oline Randine Felle, og barnebarn av Randine Nielsdatter Felle – og Randine (som eigentleg heitte Ranvei) var tilflyttar til Bergen frå Brekkhus i Teigdalen. Men no veit du det, og dette med Brekkhus er grunnen til at du kan lesa om både Jonnemann og hans gamle mor i «Frå fjord til fjell», det årlege skriftet til Vassvøri Sogelag.

Sogelaget har hatt godt samarbeid med Christopher John Harris, ein verkeleg utrøytteleg gullgravar i Bergen bys historie. Dermed har bergensk historie smelta saman med bygdesoga for gamle Evanger.

Men det er med dette som med all god sogeskriving: Det kjem opp nye spørsmål for kvart som ein finn svaret på. I visa er «hon død for lenge siden, Jonnemann sin gamle mor», men mor Oline levde 11 år lenger enn Jonnemann. Så kanskje er det ikkje mora til Jonnemann det handlar om, men tvert om bestemora, altså Ranvei, som døde då Jonnemann var 5 år gamal?

Tyngepunktet i «Frå fjord til fjell» er nok soga om garden To i Evanger, fordi det er minnet om ein av dei mest trufaste sogeleitarane i Vassvøri, Leif Walberg, som var lensmann både i Samnanger og Vaksdal i mange år, og som var eit oppkome av interessant kunnskap om fortida, ikkje minst det som hadde med kriminalhistorie å gjera. Men her har også Helge Bergo skrive om steinkvelvbruene i Teigdalen, slik dei var før vegen vart vølt dei siste åra (ikkje minst om beisk vegstrid!), Per Eskeland skriv om den gongen dei ville ha skipsfart frå Bergen heilt til Voss, med slepebane langs elva, og så er det minne frå barndom og ungdom både på Styve og på Bolstad.

Dessutan er det konfirmantar frå 1956. Kortklypte gutar og jenter i bunad, eller «nasjonal» som dei helst sa den gongen. No er dei også bygdesoge!

KJARTAN RØDLAND

TEIGDALEN. Den gamle steinbrua. ARKIVFOTO: FRED I. U. KLEMETSEN