Ho var i ferd med å rydda containeren ved ein nedlagt fabrikk då vinden smekka att døra bak henne, skriv Haugesunds Avis.

Først greip desperasjonen henne, men ingen høyrte ropa om hjelp. Så kom ho i hug TV-helten og ein tilsvarande situasjon han hadde vore oppe i.

Anne Berit famla seg fram til ein stor plastrull som ho brukte som rambukk mot døra, som stod pressa mot pakningane grunna vakum. MacGyver-metoden hjalp, og i glede over å ha sprengt seg fri kom tårene styrtande hos Anne Berit.