Må venta vidare på kongen

Heller ikkje i år blir det kongebesøk i Hordalands øykommunar.

Kongeparets planlagte besøk til Austevoll, Austrheim, Fedje, Lindås, Radøy og Tysnes sommaren 2005 blei utsett då kong Harald blei hjerteoperert og sjukmeldt tre månader før.

Forsøk på å få til besøket i 2006 luk-kast ikkje, og no har Det Kongelige Hoff meddelt Hordaland-ordførarane via Fylkesmannen at Sonja og Harald heller ikkje kan koma i år.

- Stort for dei eldre
- Det var leit, for dette med kongen og kongehuset er stort for dei eldre, seier styrar Helga Nilsen Boland ved Tysnes sjukeheim til bt.no. Sjukeheimen står på stopp-lista til Sonja og Harald når dei kjem.

- Vi håpar absolutt at dei kjem. Problemet er at visst det skjer til neste år, risikerer dei å koma midt oppi ombygginga og rehabiliteringa som er planlagt for sjukeheimen, seier Nilsen Boland.

Fylkesmann Svein Alsaker skriv til ordførarane at han håpar Hordaland-besøket kjem med på kongeparets 2008-program.

Kongen gav ei øy
Tysnes har eit spesielt forhold til konge-huset, ettersom kongen tidlegare eigde Solstråleøya ved Godøysund. På sig-ningsferda si etter kroninga i 1991 gav kong Harald øya til Tysnes kommune, som seinare har rehabiltert Solstråleøya til bruk for funksjonshemma.

- Innbyggjarane i Tysnes kan fram-leis sjå fram til at kongeparet kjem på besøk, sjølv om me må venta litt lengre enn tidlegare føresett. Kanskje er det tyngst for bebuara-ne på Tysnes sjukeheim som alt hadde fått beskjed om at kommunen hadde planlagt at kongeparet skulle besøkja heimen, uttalte ordførar Helge Hauge då besøket blei utsett første gong.

Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

Ramponerte flere parkerte biler

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha knust flere ruter.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger