Kongeparets planlagte besøk til Austevoll, Austrheim, Fedje, Lindås, Radøy og Tysnes sommaren 2005 blei utsett då kong Harald blei hjerteoperert og sjukmeldt tre månader før.

Forsøk på å få til besøket i 2006 luk-kast ikkje, og no har Det Kongelige Hoff meddelt Hordaland-ordførarane via Fylkesmannen at Sonja og Harald heller ikkje kan koma i år.

— Stort for dei eldre

— Det var leit, for dette med kongen og kongehuset er stort for dei eldre, seier styrar Helga Nilsen Boland ved Tysnes sjukeheim til bt.no. Sjukeheimen står på stopp-lista til Sonja og Harald når dei kjem.

— Vi håpar absolutt at dei kjem. Problemet er at visst det skjer til neste år, risikerer dei å koma midt oppi ombygginga og rehabiliteringa som er planlagt for sjukeheimen, seier Nilsen Boland.

Fylkesmann Svein Alsaker skriv til ordførarane at han håpar Hordaland-besøket kjem med på kongeparets 2008-program.

Kongen gav ei øy Tysnes har eit spesielt forhold til konge-huset, ettersom kongen tidlegare eigde Solstråleøya ved Godøysund. På sig-ningsferda si etter kroninga i 1991 gav kong Harald øya til Tysnes kommune, som seinare har rehabiltert Solstråleøya til bruk for funksjonshemma.

— Innbyggjarane i Tysnes kan fram-leis sjå fram til at kongeparet kjem på besøk, sjølv om me må venta litt lengre enn tidlegare føresett. Kanskje er det tyngst for bebuara-ne på Tysnes sjukeheim som alt hadde fått beskjed om at kommunen hadde planlagt at kongeparet skulle besøkja heimen, uttalte ordførar Helge Hauge då besøket blei utsett første gong.