I Kvam er det langt fleire hytter enn hus, og det har kvammapolitikarane tenkt å utnytte. Tysdag, like før midnatt, bestemte heradsstyret seg for å innføre eigedomsskatt for heile kommunen.

Dermed blir det også dyrare å vere hytteeigar på Kvamskogen i framtida. Vedtaket vil innebere ekstrautgifter for kvar hytte på minst 2000 kroner årleg, viser eit reknestykke Kvam herad har laga for BT. Berre i hyttebyen på Kvamskogen reknar kommunen med å dra inn tre ekstra millionar kroner årleg.

– Urettferdig, seier Erik Bjerring Hansen, hytteeigar og leiar i Kvamskogen Vel.

– Det irriterer oss at vi skal finansiere goda nede i bygda. Vi skal betale, dei skal nyte. Det er urimeleg.

Les også: – Dette syns vi ikkje veldig mykje om

Reddar 2010-budsjettet

Kvemmingane får det travelt om dei skal klare å innføre eigedomsskatt frå 1. januar neste år. All fast eigedom i heradet må takserast først, også dei 2500 fritidseigedomane i kommunen, dei aller fleste på Kvamskogen.

Å taksere mange 1000 eigedomar er ein svær jobb, og vil koste fem millionar kroner. Heradet set i gang arbeidet straks.

– Vi har berre tida og vegen. Det er ekstremt kort tid, seier rådmann Harald Inge Anderssen.

Ved å innføre eigedomsskatt for heile kommunen, reknar han med å få inn minst 15 millionar kroner neste år.

– Sånn som det ser ut i dag, er det dette vi treng for å saldere budsjettet i 2010, seier Anderssen.

Nøyaktig kor mykje folk med fast eigedom i Kvam må betale i skatt neste år, er avhengig av mellom anna takstnivå og skatteøyre, som kan variere frå to til sju promille. Detaljane skal politikarane ta stilling til i ei prinsippsak i juni.

Les også: Fire kommunar utan eigedomsskatt

Mislikar mentaliteten

Bjerring Hansen er svært kritisk til at han som hytteeigar skal vere med på å finansiere kommuneøkonomien i Kvam.

– Kvam får ikkje betre økonomi av å innføre eigedomsskatt. Kommunen brukar over evne uansett! Det er ikkje rart, når dei kranglar om kor mange skular dei skal ha og den nye skulen i Øystese framleis står halvtom.

Bjerring Hansen ramsar opp fleire storinvesteringar i Kvam – det planlagde kulturhuset i Norheimsund, Kvammapakken og det nye symjebassenget i Strandebarm – som hytteeigarane no skal vere med å ta rekninga for.

– Kvam har heller ikkje ventetid på sjukeheimsplass. Det er kjempefint, men klart at det kostar pengar! Det kjennest urimeleg at vi som har hytter skal vere med å betale for det. Eg likar ikkje mentaliteten, seier Bjerring Hansen.

Mjølkekyr på Kvamskogen

Vedtaket om å innføre eigedomsskatt vart gjort med 15 mot 12 røyster i heradsstyret. Ein av dei som røysta mot var Hallvard Totland frå Venstre.

Etter hans syn er det urettferdig at folk med fritidseigedomar i Kvam skal svi økonomisk for gode dei sjølve ikkje får ta del i.

– Hytteeigarane på Kvamskogen blir brukt som mjølkekyr for å saldere budsjettet, konkluderer Totland.

I dag har Kvam berre eigedomsskatt for sentrumsområda i Ålvik, Øystese og Norheimsund. I 2007 utgjorde desse inntektene totalt elleve millionar kroner.

Er det urettferdig å ileggje hytteeigarane eigedomsskatt? Bruk kommentarfeltet!

Rune Nielsen