Riksrevisjonen har avdekka at dei seks har hatt inntekter som gjorde at dei ikkje hadde rett til pensjon frå Stortinget.

Dei risikerer alle krav om tilbakebetaling av pensjonsutbetalingane.

Presidentskapen aksjonerer

I går sendte presidentskapen på Stortinget brev til Stortingets pensjonsordning med oppmoding om at det blir vurdert å iverksette «tiltak overfor de personene Riksrevisjonen mener urettmessig kan ha mottatt pensjon».

Både Stortinget og Riksrevisjonen held strengt på at dei ikkje vil opplyse om kven dei seks representantane er, kva parti dei representerer eller kvar i landet dei kjem frå.

Forholdet vart oppdaga under ein kontroll Riksrevisjonen har gjort av utbetalingar frå Statens Pensjonskasse, fortalde Dagsavisen i går.

Stortinget vart orientert om funna allereie i april i eit brev frå Riksrevisjonen til pensjonsordninga for stortingsrepresentantar.

Sidan har Riksrevisjonen oversendt ein rapport både til presidentskapen på Stortinget og til pensjonsstyret.

— Kraftige påstandar

— Det er kraftige påstandar frå Riksrevisjonen om misleghald av regelverket. Vi ser svært alvorleg på dette. Vi har ei ordning som er basert på tillit. Regelverket burde vere godt kjent for alle som mottek ytingar frå Stortinget, ikkje minst tidlegare stortingsrepresentantar. Det er naturleg å vurdere krav om tilbakebetaling på lik line med det som møter andre folk som urettmessig får utbetalt ytingar frå folketrygda, seier stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen (Ap). Han er leiar for pensjonsordninga.

Hansen understrekar overfor Bergens Tidende at alle som hevar og mottek pensjon har ansvar for å kjenne regelverket.

— Meiner du at dei har vore i god tru når dei har motteke desse pengane?

— Det vil eg ikkje ha ei meining om før vi har fått inn forklaringane som vi ber om frå dei det gjeld.

Kan gjelde fleire

Thor Kristian Svendsen, som er ekspedisjonssjef i Riksrevisjonen, har hatt ansvaret for granskinga.

Han stadfestar at funna er basert på stikkprøvekontroll. Han vil ikkje svare på om det er aktuelt å gjennomføre ein fullskalakontroll.

— Vi brukar ikkje å fortelje om planane for framtidige kontrollar, seier Svendsen.

I brev til pensjonsordninga opplyser Riksrevisjonen at det er «risiko for feilutbetalingar utover de som er omtalt i rapporten».

Synspunkt? Si din mening her.

KNUT STRAND
Sigurdsøn, Bjørn