I dag startar det strafferettslege oppgjeret etter skandalen Vest Tank AS, suksessbedrifta som eksploderte i ei sky av giftig røyk.

Trioen på tiltalebenken var sentrale i det tidlegare selskapet Vest Tank AS: Styreleiar Trond Emblem, dagleg leiar Jostein Berland og kjemikonsulent Karl-Jan Erstad.

Året før eksplosjonen vart Vest Tank AS kåra til såkalla Gaselle-bedrift av Dagens Næringsliv, på grunn av sin hurtige ekspansjon og solide økonomiske resultat.

Få visste den gongen at suksessen hadde ei skitten, illegal bakside.

Utruleg nok omkom ingen menneske da tankanlegget blåste i lufta ved djupvasskaia i Sløvåg 24. mai 2007.

Men over to hundre vart sjuke i ettertid, og ei ekstrem luktplage prega området sommaren 2007 og utover.

I Nordhordland tingrett må både Emblem og Berland svare for miljøkriminalitet, og styreleiar Emblem må i tillegg svare for tiltale om økonomisk kriminalitet. Den kjemiske rådgjevaren Erstad må svare for eitt brot på forureiningslova.

I følgje tiltalen skal dei to leiarane i selskapet ha drive med forsøk på reinsing og avsvovling av urein bensin — såkalla cocker gasoline - utan løyve frå Statens Forurensingstilsyn (SFT). Tankane dei brukte, var heller ikkje godkjende for slik bruk.

Begge er tiltala for å ha teke imot avfall for sluttbehandling frå skipet «Probo Emu», utan at dei hadde løyve frå SFE til dette.

Gjennom etterforskinga har Økokrim også kome fram til at ei tilsvarande reinsing av bensin i januar 2007 førte til ekstrem eksplosjonsfare ved tankanlegget.

Tidlegare styreleiar Emblem må også svare for økonomisk kriminalitet i form av både forsikringssvindel og utruskap mot selskapet. I 2007 kjøpte han to lagertankar via eit anna selskap han eigde, og gjennom denne handelen meiner Økokrim at han påførte Vest Tank ein ekstra kostnad på minst 3,7 millionar kroner.

Forsikringsbedrageriet skal ha skjedd ved at Emblem etter eksplosjonen opplyste at tankane hadde kosta 8,6 millionar kroner, og ikkje sa noko om at hans eige selskap kort tid før hadde kjøpt dei same tankane for 4,3 millionar.