Det er stortingsrepresentant Ranveig Frøiland (Ap) som stiller det skriftlege spørsmålet på bakgrunn av «Imara»-saka som Bergens Tidende har fortalt om denne veka.

Uroande opplysningar

Den einslege kvinna vart seksuelt misbrukt av andre asylsøkjarar mens ho venta på å få søknaden om opphald behandla. Ho var plassert på asylmottak i Norge, og korkje UDIs representantar på mottaket eller på regionnivå meldte overgrepet vidare til politiet. Dette sjølv om dei kjende til det påståtte overgrepet, og at kvinna seinare aborterte og vart akuttinnlagt på psykiatrisk klinikk.

I spørsmålet framheld Frøiland at Norge er eit trygt land for mange som søkjer tilflukt her, men viser til dei uroande opplysningane om tryggleiken for einslege kvinner ved UDIs asylmottak.

Skjedd i Norge

— Hva kan gjøres for å sikre at asylsøkende kvinner ikke skal bli utsatt for vold og voldtekt mens de er i det statlige mottaksapparatet, og om så skjer: hvem har ansvaret for at politi blir rutinemessig varslet og saken anmeldt, når kvinnen selv ikke er i stand til å foreta en anmeldelse, lyder spørsmålet til Solberg.

Frøiland viser til opplysningane som er kome fram i Bergens Tidende. Ho meiner det er liten tvil om at «Imara» er blitt traumatisert, og at dette har skjedd etter at ho kom til Norge og i omgjevnader der ho skulle vore beskytta av norske styresmakter.