— Dette er ein absolutt seier for oss. Men det er berre ei stadfesting på det me har meint heile tida, seier Gerhard Runshaug.

Fastbuande og hyttefolk like ved ferjekaia har sove med øyreproppar og stengte vindauge på grunn av bråket frå gassferjene nattetid. Aurneset Velforening har klaga bråket inn til kommunen og vegvesenet. Heilt sidan dei nye ferjene til Fjord 1 vart sett inn i drift, har naboane fått nattesøvnen forstyrra av ferjene som ligg med motoren i gang.

No har Helsevernetaten målt støynivået på fire punkt i nabolaget. Konklusjonen er klar, lydnivået må ned. Støyen er høgare enn det ein meiner er akseptabelt i kommunehelsetenestelova.

Innan 1. april neste år må Statens vegvesen ha sett i verk tiltak for å betre lydsituasjonen. Det er ikkje eit minutt for tidleg, etter Gerhard Runshaug si meining.

— Eg synest dette kjem altfor seint, me har vore plaga heilt sidan januar då dei nye ferjene vart sett i drift, seier hytteeigaren.

Hos Statens vegvesen er det framleis for tidleg å vite kva for tiltak som må gjerast.

— Me må gå gjennom vedtaket frå Helsevernetaten og sjå kva som ligg i det etter ferien. Dersom det er noko som må gjerast med ferjene kan det like godt vere det er Fjord 1 som må utføre det, seier Kjartan Hove, utbyggingssjef i Statens vegvesen.

Gassferjene i den dimensjonen som no trafikkerer mellom Halhjem og Sandvikvåg har ein ikkje tilsvarande av langs kysten. Vegvesenet har difor ikkje vore oppe i liknande situasjonar.

I morgon skal naboar og Aurneset Velforening møte ordførar Terje Søviknes (Frp) for å diskutere støyproblematikken.

Odd Mehus