Solfrid Kvamme har drive eit lite småbruk i Kvamme i Masfjorden i seks år. Bruket paktar ho av foreldra. Det har vore i drift sidan 1600-talet, men no er det slutt. Utan produksjonstilskot ser Kvamme ingen anna råd enn å slutta av sauedrifta.

— Eg ser i dag ikkje noko sjanse til å driva vidare utan tilskot. Dette er ikkje akkurat noko gullgruve. Eg gjer dette berre for å halda garden og landskapet ved like. Det er ikkje problem å finna anna å gjera som gjev betre inntekt enn gården, fortel ho.

Kvamme har om lag 20 sauer på overvintring. Omsetnaden ligg på rundt 15.000 kroner, altså halvparten av det som trengst for å bli registrert i meirverdiavgiftsmanntalet. Ho ser ingen sjanse til å auka omsetnaden opp til minstekravet.

Dårleg informasjon

Det var slumpetreff som gjorde at Solfrid Kvamme vart oppmerksom på endringa. Ho trur óg at mange andre bønder i hennar situasjon ikkje er klar over det nye kravet.

— Eg har høyrt vagt noko om å auka omsetnaden, men det kom som eit sjokk at det skjedde slik. Det er få som veit om det, eg fekk vita det tilfeldig i forrige veke frå ein småbrukar i nabokommunen, fortel den fortvila småbrukaren. Dette har ført til at endringa kjem veldig brått på for mange bønder. Kvamme fortel at mange er oppgitte og kjempar for å overleva. Ein annan sauebonde ho har prata med har bestemt seg for å leggja ned med ein gong ho høyrte om endringa.

Fjernar folk frå distrikta

Solfrid Kvamme synest at det ikkje må vera krav om registrering i momsregisteret. Ho meiner at dersom politikarane er interesserte i at det skal bli drive landbruk i distrikta, så kan ikkje reglane vera slik.

— Det er tull å krevja registrering. Einaste grunnen er å få vekk dei små bruka. Politikarane har gjort vedtak utan å tenkja. Eg trur ikkje dei har sett seg inn i korleis småbrukdrift på Vestlandet, meiner Kvamme.

Spesielt er ho opptatt av at ein skal ta vare på kultlandskapet og dei gamle gardsbygningane. Kvamme meiner at garden no vil forfalla.

MISTAR TILSKOT: Sauebonden Solfrid Kvamme klarer ikkje å innfri dei nye krava til produksjonstilskot. Resultatet er at ho må leggja ned drifta.
FOTO: ERLEND SPURKELAND