Dette synest å vera konklusjonen etter utgreiinga som NSB sin plandirektør Tom Ingulstad presenterte for Stortingets Transport— og Kommunikasjonskomite.

Rapporten Ingulstad presenterte, viser at NSB ikkje finn dagens materiell godt nok til å satsa vidare på, men heller ikkje det nyaste som finst i landet passar godt inn.

Bak i køen

Og Vossebanen står ikkje fremst i køen til å få nye Flirt-setta som er under bygging hjå Stadler (Type BM 75).

— Kva blir så konklusjonen?

— Vi har ikkje konkludert enno, men det peikar mot heilt nye togsett nokre år fram i tida, seier Ingulstad.

— Kan nokre av dei 50 nye setta som kjem i 2011- 13 vera aktuelle?

— Det trur eg NSB neppe får lov til å avgjera åleine. 50 togsett til ein stykkpris på 80 millionar kroner er eit nasjonalt løft, og poenget var å auka kapasiteten og vera meir punktlege i Oslo-området.

Sniglefart

— Kva gjer det om nokre av desse toga kjem vestover?

— For kvart tog vi «misser» austpå, må vi setja inn eit tog som ikkje kan halda 200 kilometer i timen gjennom Romerikstunnelen. Det gir korkar i systemet, og kostbare ringverknader. Dessutan er også desse toga for lange til verkstaden i Bergen.

— Kva tid kjem neste «ladning»?

Etter 2013

— Vi har opsjon på 50 sett til av Stadler Flirt, etter 2013. Det gunstigaste for Vossebanen ville vera om dei første av desse vart laga med berre fire vogner, ikkje fem, slik at vedlikehaldsverkstad og plattformer framleis kan brukast.

— Kven kan hindra kortare tog?

— Kanskje konkurrentane til Stadler. Dei som tapte tilbodsrunden, vil kanskje hevda at opsjonen ikkje gjeld kortare tog, og krev ny utlysing. Her treng vi juridisk avklaring, seier Ingulstad.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er irritert over at NSB tek så lang til med å bestemma seg.