— No er eg nøydd til å halda meg i fysisk form. Lata vera å røykja, køyra mindre bil og spasera meir, seier Amund Enge til Bergens Tidende. 43-åringen er frå årsskiftet tilbake på jobb att etter fleire kraftige hjarteinfarkt i slutten av september. Fire tette blodårar heldt på å ta livet av han.

Kona Bente og tre born på 11, 15 og 22 år stod rundt han ved sjukesenga på Haukeland der Enge låg i koma i fem døger og svevde mellom liv og død.

Amund Enge har dei siste åra halde eit høgt tempo innan fleire område i Etne. I tillegg til å vera ordførar, er han brannmeister og sjef for den årlege Etnemarknaden. Dessutan ein engasjert tiltakssjef for å fylla opp att tapte arbeidsplassar i Skånevik og Etne.

– Legane har ikkje gitt meg beskjed om å setja på bremser i forhold til arbeid. Men det er klart at eg no må velja bort noko, og gje meg betre tid til meg sjølv, seier Enge. Høgre-mannen har ikkje tenkt å gje avkall på korkje ordførarverv eller marknadsstyringa med det første.

– Eg er på jobb att i hundre prosent stilling, og vel så det, seier den joviale 43-åringen. Amund Enge blei utslegen av sjukdom også førre vinter. Den gongen var det ein flått eller hantikk som sette han ut av spel nokre veker.

PÅ JOBB ATT: Tre månader etter eit par alvorlege hjarteinfarkt og opphald i respirator er Etne-ordførar Amund Enge i full vigør att og tilbake på jobb. Og med ein sunnare livsførsel.
FOTO: ELLEN MARI LORENTZEN