— Ingen er tent med eit kaos som for fire år sidan. Denne gongen må vi jobba fram ei avklaring i god tid før kommunestyret skal velja ordførar 13. oktober, seier Øivind Olsnes (bilete) til Bergens Tidende.

For fire år sidan vart Høgremannen Øivind Olsnes vald til ordførar i den tidlegare Arbeidarpartibastionen, utan å oppnå fleirtal.

Grunnen var at Ap og samarbeidspartnarane ikkje vart samde om kven som skulle få ordføraren då Otto Berg gav seg etter 18 år.

Fire kandidatar

Fire parti stilte liste i år, med kvar sin ordførarkandidat. Eirik Haga (Ap) og Øivind Olsnes (H) vert rekna som mest aktuelle, men Dan Berge (Sp) og Karin Groth (Frp) har også meldt seg på. Spørsmålet er kven som har beste godbitane å tilby dei tre bygdelistene for Vaksdal, Dale/Stanghelle og Stamnes/Eidslandet.

Du skal halda tunga beint i munnen dersom du vil orientera deg i det lokalpolitiske landskapet i den langstrakte kommunen mellom Bergen og Voss.

Arbeidarpartiet, som i årtier har dominert både noverande Vaksdal og tidlegare Bruvik kommune, har gått i oppløysing. To tidlegare varaordførarar frå Arbeidarpartiet var denne gongen frontfigurar for kvar si bygdeliste - Finn Sæterdal på den nye protestlista frå Vaksdal-krinsen, og Helge Risnes på «Samling og utvikling» som har Stanghelle og kommunesenteret Dale som nedslagsfelt.

Kjenner seg som utkant

Vaksdal-bygda kjenner seg som utkant i kommunen med same namn. Kommunesenteret Dale har alltid hatt ordføraren før vaksdølen Olsnes smatt inn for fire år sidan. Men høgremannen sette tæring etter næring, og protestlista gjekk til val for å få legekontoret på Vaksdal opna att.

«Samling og utvikling» er ei samanslåing av to lister frå førre val. Venstre og KrF stilte ikkje lister denne gongen. Om ikkje dette gjer samanlikningar vanskeleg nok, så har dei også endra talet på sete i kommunestyret, frå 29 til 21. Med åtte færre mandat til fordeling, er det markert framgang å koma inn att med like stor gruppe som sist. Det har ordføraren sitt parti gjort. Ap har gått litt fram både i røystetal og prosent, men taper to mandat.