Den tyskfødde læraren hadde arbeidd ved skulen i Naustdal som vikar i nesten tre samanhengande år då sjansen til fast tilsetjing baud seg.

Men kommunen hevda han ikkje var eigna i yrket, og tilsette blant anna to studentar i dei ledige stillingane — framfor den norskutdanna og norskgifte tyskaren.

I retten trakk kommunen fram at mannen hadde vore sjukemeld i lange periodar mens han arbeidde på skulen.

Kravde 150.000 kroner

No slår Fjordane tingrett fast at kommunen har gjort ei rekke sakshandsamingsfeil i tilsetjingsprosessen, at dei ikkje kan prove at den tyskfødde læraren var ueigna i yrket og at dei ikkje hadde høve til å forbigå han til fordel for kandidatar som var under utdanning. Vedtaket er rett og slett ulovleg, slår retten fast.

Under rettssaka kravde mannen 150.000 kroner i erstatning og oppreising, men retten meiner ikkje han har krav på dette.

Mannen får 36.000 kroner.

I forkant av rettssaka tilbaud kommunen han 50.000 kroner for eit forlik, men utan at dei vedgjekk å ha gjort nokon feil.

Fekk jobb i Førde

Alle feila frå skulen og kommunens side gjer likevel at mannen har «fått medhold av betydning», og retten meiner han hadde eit rettmessig behov for å gå til rettssak få vite den eigentlege grunnen bak det lovstridige vedtaket.

Ikkje lenge etter at han slutta som påstått ueigna i Naustdal, fekk han fast jobb på ein vidaregåande skule i Førde. Dette har medført ekstra reiseutgifter som kommunen no må dekke i eitt år. I tillegg må Naustdal betale lærarens advokatutgifter.

Dermed kostar saka no kommunen – på toppen av sine eigne sakskostnader – over 267.000 kroner i erstatning og motpartens sakskostnader.