Dei to hjortane som oljearbeidaren (34) og bygningsmannen (37) skaut ei septembernatt i fjor skulle komme til å koste tjuvjegerane dyrt.

I tillegg til bøter, sakskostnader og inndraging på totalt 27.000 kroner har Sunnfjord tingrett frådømt begge mennene retten til å drive jakt dei næraste to åra.

Jakta skjedde ved 02-tida om natta i terrenget ved riksveg 615 Magnhildskartunnelen — på grensa mellom kommunane Flora og Bremanger. Jegerane nytta seg av frontlysa på personbilen under den ulovlege hjortejakta.

Ingen av dei to mennene hadde fellingsløyve for det jaktvaldet dei opererte i denne natta, og det er også ulovleg å drive nattjakt med kunstig lys. Eldstemann er også dømt for fartsoverskriding, etter å ha blitt målt til 115 km/t i ei 80-sone like etter at tjuvjakta hadde funne stad.

I retten hevda begge utan å bli trudd at dei ikkje hadde tenkt å jakte då dei møttest om kvelden, men at dei berre skulle sjå etter hjort. Retten viser blant anna til at dei begge hadde med seg jaktrifler og ammunisjon i bilen.

Etter å ha skote dei to hjortane som stod paralyserte i billysa, flådde dei dyra på staden og heiv dei i bagasjerommet.

Men under dette arbeidet vart dei oppdaga av forbipasserande, som tok opp forfølginga av tjuvjegerane.

Dei to jegerane frykta at politiet skulle bli varsla, og dumpa både dyreskrottane og ei rifle i Norddalsfjorden.

Dei tiltalte har begge gjeve fleire versjonar av kven som faktisk skaut hjortane. I retten skulda dei på kvarandre. Retten finn det ikkje naudsynt å påvise kven som faktisk har avfyrt skota, men konkluderer med at begge har vore med på den straffbare handlinga.

Tingretten meiner at det må reagerast strengt mot ulovleg jakt av vilt, både av allmennpreventive og individualpreventive grunnar.

Dommen er samrøystes.