Media og privatpersonar har sidan først i april bedt om fullt innsyn i rekneskapen for skutefesten i Måløy, utan at kommunen har levert ut dokumenta. No skjer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennom:

– Det blir gitt rett til innsyn i dokumenta tilknytt saka Tall Ships' Races 2008. Kommunen må straks oversende dokumenta som er etterspurde, eller gje høve til å sjå dokumenta på kommunens kontor, heiter det i avgjerda som blei lagt ut på nettsidene til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fredag.

Atterhaldet er at det ikkje skal gjevast innsyn i teiepliktige opplysningar.

**Les óg:

Granskar seglskute-baksmel**

Purra to gonger Etter at ein økonomirapport om festen blei lagt fram i mars, nesten åtte månader etter at siste skuta hadde sett segl og gått frå kai, har fleire kravd å få sjå bilag og dokument knytt til rekneskapen. Arrangementet ser så langt ut til å ende med eit underskot på kring 15 millionar kroner. Kommunen må ta heile rekninga.

Mellom dei som har kravd innsyn er kommunestyrerepresentanten Geir Oldeide. Raudtpolitikaren bad om innsyn første gongen 6. april. Trass to purringar fekk han ikkje eit einaste dokument. I midten av mai tok Oldeide saka opp med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Først sist veke fekk han første dokumenta.

– Eg har fått ein del, men langt frå alt.

Oldeide bad om innsyn i reiserekningar, rekneskap for alkoholomsetnaden, oversyn over svinn, innsyn i alle budsjettvedtak i organisasjonskomiteen for Tall Ships' og ein rapport ein tidlegare økonomiansvarleg skreiv då han slutta i 2007.

Bergens Tidende
Bergens Tidende