— Normalt skulle det yrt med liv i bikubane på desse tider. No handlar det berre om ein ting: Å halda liv i biene, elles døyr dei, seier Jan Sigve Særsten, ein av landets største økologiske honningprodusentar.

Det skulle blomstra med løvetann og engkarse på bakkane. I lønnetrea skulle biene ha summa, men på Rubbestad på Bømlo er det ikkje ei bie som vågar seg ut i landskapet. På morgonen var det berre fire grader og ikkje ein blom å suga nektar frå.

Vårknipa er ikkje berre eit problem for bønder som manglar fôr til dyra. Også birøktarane slit. Ute i lyngheiane ventar Særsten sine 160 bikubar på naudrasjonar i form av 600 kilo økologisk, uraffinert, brunt sukker blanda med vatn. Prislapp: Over 10.000 kroner.

— Det er klart at me kan ikkje la biene døy, men dette blir for dyrt for mange birøktarar. Eg fryktar mange vil la biene døy, seier Jan Sigve Særsten.

Råkar fruktdyrkinga

I Hardanger er situasjonen like ille. Birøktar Kaspar Krogh Hansen har allereie opplevd at to bikubar døydde i vinter. Han er bekymra for at den seine våren vil redusera biestamma og føra til manglande pollinering av frukttre i Hardanger.

— Det ser ikkje bra ut. Den kalde våren gjer at biene ikkje kjem seg ut. No har dei vore inne heile vinteren og treng pollen og nektar for å produsera nye bier. Dersom røktarane ikkje følgjer med no, kan heile stamma stryka med, seier Krogh Hansen.

For å bøta på situasjonen reiser han no rundt til alle bikubane sine og matar insekta med soyamel og sukker. Det er erstatning for protein og karbohydrat biene skulle fått frå pollen og nektar ute i naturen.

— Det er absolutt grunn til å vera på vakt no. Elles kan dette skapa store vanskar for fruktdyrkinga i Hardanger, seier Krogh Hansen.

To til tre veker etter normalen

Det stadfestar Endre Bjotveit, fruktrådgjevar i Norsk Fruktrådgiving Hardanger.

— Utan pollinering vert det ikkje frukt. Me er avhengig av biene for å få best mogleg resultat. Sjølv om det finst ville insekt som veps og humle, er det biene som er dei absolutt mest effektive arbeidarane, seier Bjotveit.

Bløminga i frukthagane i Hardanger ligg no to til tre veker etter normalen. Først neste veke kjem kanskje dei første morelltrea og plommetrea i blom. I månadsskiftet er det venta at epletrea blømer, ifølgje fruktrådgivaren.

— Sein bløming er eigentleg ein fordel, sjølv om det er ekstremt i år. No får me berre håpa at det er nok bikubar. Det er litt større risiko for at det kan gå gale i år, men eg er framleis optimist, seier Bjotveit.

- Dyrare honning

To kalde vintrar på rad har gjort det vanskeleg for mange birøktarar. For Særsten kan eit godt honningår gje mellom sju og åtte tonn honning. Fjoråret som var eit uår, gav berre eitt tonn honning.

Denne våren reknar birøktaren med å få opp mot 20.000 kroner i ekstra kostnader til vårforing på grunn av at biene ikkje finn næring i naturen sjølv.

— Kan dette føra til dyrare honning i år?

— Ja, utfordringa i norsk birøkt er å få utbyte nok til å leva av det. Slik det ser ut i år, fryktar eg avgang av birøktarar, samstundes som Honningsentralen ikkje får tak i nok norsk honning.

VÅREINGJERING: Før sesongen kan starta må bikubane reingjerast. Said Salama frå Palestina hjelper Jan Sigve Særsten med å skilja ut bivoks og reingjera kubane.
Lena Vermedal
EDEL VARE: Nokre få bier har våga seg ut i vårsola og søkjer tilflukt på velduftande bivoks – eit restprodukt frå honningproduksjon som blir brukt i bilpoleringsmiddel, farmasøytiske produkt og vokslys.
LENA VERMEDAL