— Eg kjenner godt at bjørkepollensesongen er i gong for fullt. Men sommarens graspollen er verre, seier Laila Stensletten (46) til Bergens Tidende.

— Eg har levd med astma- og allergiplager i 30 år, så eg har lært å ta mine forholdsreglar, seier Stord-kvinna, leiar i den lokale astma- og allergiforeininga og fylkesstyremedlem i Norges Astma- og Allergiforbund i Hordaland.

— Det er veldig kjekt med vår, men han fører med seg ein del problem, seier ho.

Laila Stensletten går på allergimedisinar året rundt, fordi ho også lir av matallergi. Denne allergien blir forsterka av gras- og bjørkepollen i kryssreaksjonar.

I sommarhalvåret dreg Stensletten-familien så ofte dei kan til feriestaden i Uskedalen i Kvinnherad. I strandkanten er pollenplaga mindre.

— Når eg er på besøk hos folk, må eg be om å få servert kaffien innandørs på grunn av pollen. Turane med hunden i Landåsen-løypa ved Leirvik må eg sløyfa på denne tida av året. Hagestell, som eg var så glad i, har og blitt kutta meir og meir ut, seier Stensletten.

— Innemiljøet heime er no godt skjerma mot pollen ettersom vi har installert varmepumpe, som også kan fungera som air condition, seier Stensletten. Som opplever at mange ikkje tenkjer på at den minste blomedekorasjon kan vera svært plagsam for allergikarar. Skular og barnehagar bør til dømes vera varsame med å pynta med bjørkeris innomhus, meiner ho.

SOL UTE, ALLERGIKAR INNE: Astma- og allergiplaga Laila Stensletten er blant mange som må nyta den vakre våren mest frå innsida av huset.