— Direktørane i Helse Fonna har neppe lege med riar i ein ambulanse. Mykje kan skje. Det kan vere over, og det kan gå gale, seier gravide Anita Osmundsen frå Husnes.

Uvisse og mangel på tryggleik vil få fleire kvinner til å reisa til Bergen. Det vil redusera fødselstala lokalt, meiner kommunelege Magne Skartveit på Tysnes.

I magen til Anita Osmundsen frå Husnes ligg eit lite nurk på 18 veker og kosar seg. 18. juli skal han eller ho etter planen bli født. Ein dag før fødeavdelinga på Stord blir feriestengt.

Feriestenginga varer til 15. august. I den perioden vil fødande bli sendt til Hugesund - 45 minutt ekstra langs landevegen.

— Tryggleik er noko alle har rett på. Eg kan ikkje forestilla meg å liggja fastspent på ei båre med riar heile vegen til Haugesund. Det er umenneskeleg, seier tobarnsmora.

Ho veit kva ho går til. Dei tidlegare fødslane hennar har vore kjappe.

— For oss i Kvinnherad er det eigentleg meir enn nok å ta taxi til Sunde, ambulansebåt til Stord og ambulansebil til sjukehuset. No blir reisen dobla til Haugesund, sier ho hovudrystande.

Ho trur det vil bli mange traumatiske opplevingar på vegane mellom Stord og Haugesund i sommar - særleg for førstegangsfødande.

Sjølv hadde ho og mannen gledd seg til familierom på Stord. Der skulle dei saman med dei to større barna bli godt kjend med det nye familiemedlemmet.

— No ser eg for meg at alt berre blir stress. Alt vi hadde planlagd går i vasken.

Prisgitt ambulansepersonell

— Eg håpar nesten det ikkje blir fødslar på Tysnes i sommar. Berre i januar hadde eg fire fødande frå Tysnes og Fitjar som aldri ville nådd fram til Haugesund, seier jordmor, Annbjørg Stjern Tvedt.

Opplevinga av å fø i ein ambulansebil med mannen på hjul bak i privatbil, unner ho ingen.

Kor mange fødslar som er venta på Tysnes i det aktuelle tidsrommet er usikkert. Befolkninga på øya blir mangedobla om sommaren på grunn av feriegjestar. I fjor blei det fødd 29 tysnesingar i løpet av året.

Jordmor har ikkje følgeteneste på ambulansen frå Tysnes. Det betyr at fødekvinner er prisgitt ambulansepersonell under transporten.

I Kvinnherad er det venta opptil 15 nye verdsborgarar under feriestenginga.

— Me veit aldri om ein fødsel vil gå seint eller snart. Det blir langt å reisa til Haugesund for både kvinna og dei nærmaste som skal koma på besøk, seierjordmor Irene Haavik i Kvinnherad.

- Ikkje for moro skuld

Thorleif Meidell Vaage, klinikkdirektør for Kvinne og barn i Helse Fonna, vedgår at tre kvarters ekstra reise i nokre situasjonar kan vera for lenge.

— Står det om tid, kan det sjølvsagt bli transportfødslar.

Økonomisk vil Helse Fonna spara eitt årsverk på å samkjøra ferieavviklinga i Odda, Haugesund og på Stord.

— Dette gjer vi ikkje for moro skuld. I ein økonomisk vanskeleg situasjon, må me snu kvar stein for å halda på tilbodet me har i dag, seier Thorleif Meidell Vaage.

I fjor kjempa folk i Sunnhordland for at fødeavdelinga på Stord ikkje skulle bli redusert til ei fødestove, slik Odda har i dag.

Klinikkdirektøren vil ikkje høyra snakk om at sommarstenginga er eit nytt forsøk på å byggja ned tilbodet til fødekvinner i distriktet.

— Snarare tvert i mot. Sommerstenging er heller med på å ta vare på tilbodet. Kvinner frå Haugesund vil koma til Stord og halda oppe fødselstala. Vi slepp å ta inn vikarar, og held dermed oppe kvaliteten, seier Meidell Vaage.

40-50 fødande er venta frå Haugesund til Stord når fødeavdelinga i sildabyen stengjer mellom 21. juni til 19. juli. Tilsvarande må 40-50 kvinner sendast frå Sunnhordlandsregionen til Haugesund.

— Gravide må mentalt forbereda seg på å dra tidlegare heimefrå, seier Meidell Vaage.

Ser ikkje problemet

Kommunelege Magne Skartveit på Tysnes fryktar konsekvensane ved sparetiltaka.

— Me har hatt ein del transportfødslar. Det er ein stor pris å betala for at Helse Fonna skal spara eit årsverk. Vi ser ei sentralisering av akutthjelp i heile Helse Vest. For oss som bur i ytterkantane blir dette verst, seier Skartveit.

Han trur mange vil prøva å unngå Haugesundstur. Gravide vil heller reisa til Bergen og bu hos familie og vener i god tid før fødselen. Det igjen kan føra til reduserte fødselstal i Helse Fonna.

Seksjonsleiar for ambulansetenesta i Helse Fonna, Svein Jensen, ser ikkje problemet med lang transport av fødande.

— Eg har vore i gamet i 24 år. Det har aldri vore nokon kontrovers. Avstandane er større mellom Haugesund og andre kommunar som til dømes Suldal og Sauda.

I SISTE LITEN? Anita Osmundsen har termin dagen før fødeavdelinga på Stord stengjer for sommaren. Går ho over tida, får ho 45 minutt ekstra reisetid til næraste fødeavdeling - Haugesund.<p/>FOTO: MARITA AAREKOL