Tala blei presenterte på styremøtet i helseføretaket i går kveld. Så store kutt utgjer 4,1 prosent av drifta.

— Då er det ikkje lagt inn nye tiltak. Utfordringa er betydeleg, konkluderer administrerande direktør Jon Bolstad i saksdokumentet som han la fram for styret.

Leiinga i helseføretaket har laga ein førebels plan der krava til innsparing er fordelt på klinikkane. I følgje denne må kirurgisk klinikk ta tyngste kutta med 20 millionar kroner. Ved klinikk for rehabilitering og kronisk sjukdom skal drifta reduserast med 15 millionar.

Alle klinikkane har vore gjennom budsjettseminar, og administrasjonen arbeider no med innspel om innsparingar som har kome på desse seminara.

Styret skal vedta neste års budsjett 12. januar.