— Når eg blir tilkalt, treff eg ofte folk som er i sjokk. Enkelte veit ikkje kva dei har treft. Dei har site bak rattet i eigne tankar, og plutseleg small det, seier Lillevik.

Dersom dyret ligg daud i vegkanten, handlar det like mykje om å vera medmennske ovanfor den uheldige sjåføren, seier den erfarne ettersøkjaren. Har dyret derimot gøymd seg i skogen, handlar det om å finna det og forsikra seg om at det kan klara seg eller er så skadd at det må avlivast.— Det pleier eg ofte å fortelja sjåførane. Eg synes det er viktig. Dei sit nok med mange tankar om kva som har skjedd, seier Lillevik.

Seks smell på ei veke

Han har drive ettersøk sidan 1998 og veit når og kor faren for å møta hjort i vegbana er størst. Ifølgje han skjer dei fleste kollisjonane på E39 mellom Leirvik og Jektevik, mellom klokka seks og sju om morgonen og elleve og tolv om kvelden.

— 70 prosent av påkøyrslene på Stord skjer på Tyse, men i år er det endra grunna mykje vegarbeid, fortel han.

Han har vore med at det har smelt seks gonger på ei veke og tre gonger på to dagar, men heldigvis er dei mange som driv ettersøk på Stord, slik at fleire kan trø til.

Kjemper om damene

Mars, april, september og oktober er dei travlaste månadene. Spesielt siste veka i september og dei to første i oktober.Då er det mykje folk i terrenget som følgje av jakta, noko som får dyra i bevegelse. Dessutan er bukkane i brunst på denne tida.

— Då er dei heilt ustyrlege, har skylappane på og jagar kvarande rundt i kamp om kollene. Det er ei farleg tid for hjortebukkane, seier Lillevik.

- Heng opp pose i tre!

Han meiner folk har blitt flinkare til å melda frå om kollisjonar med dyr, men framleis finn dei dyr i vegkanta som openberrt har blitt påkøyrd utan at nokon har varsla. Andre har det så travelt med å rekka ferja at dei ringjer når dei kjem fram. Ofte har dei berre ei omtrentleg plassering av kor uhellet skjedde, ifølgje ettersøkjaren.

— Vi treng nøyaktig destinasjon for kor dyret sprang til skogs, og helst kva dyr det var. For kvar time som går, blir det vanskelegare å finna spora fordi andre hjort kjem til og kryssar spora, seier Lillevik.

Han stør lensmannen i Fitjar si oppmoding i BT i dag om at folk bør henga opp ein pose i eit tre for å merka av kollisjonsstaden.

— Tenk om folk kunne hugsa på det. Det hadde gjort jobben vår enklare og spart mange dyr for store lidingar, sluttar Lillevik.