Hardangerfjordekspressen mellom Rosendal og Bergen må som alle andre slå ned farten gjennom det smale Lukksundet ved Tysnes, krev Kystverket.

Etter 1. september har ikkje lenger MS «Rygerfonn» dispensasjon til å gå fortare enn fartsgrensa på 9 knop. I 2008 fekk selskapet Rødne Fjord Cruise (tidlegare L. Rødne & Sønner) fritak frå den gamle fartsavgrensinga i det smalaste partiet av Lukksund, og kunne gå med inntil 25 knops fart. Då søknaden blei fornya i sommar, bestemte Kystverket sentralt at det ikkje lenger blir gitt unnatak for rutebåten.

— Demoraliserande

Dermed har statsetaten etterkome oppfordringa frå seglbåtskipper Thor Olsen frå Sotra som etter ein tur gjennom sundet sende klage på at rutebåten fekk gå med full fart, medan alle andre måtte forholda seg til fartsgrensa på 9 knop som har eksistert sidan 1951. Olsen meinte at denne forskjellsbehandlinga var demoraliserande.

— Dessutan ligg mange i sundet og fiskar. Snøggbåtane har ikkje mange sekundar på seg til å reagera, og det har jo vore nokre ulukker med slike fartøy, seier Thor Olsen.

Ein av dei som bur ved Lukksund, Norolf Sunde, tykkjer det er bra at det blir slutt på dispensasjonsordninga, men har sin tvil om fartsgrensa dermed blir etterlevd av alle.

— Dei færraste set ned farten her, seier Sunde, som har fått øydelagt eit kaifundament som følgje av bølger, og som har flytta båten sin frå Tysnes-sida bort til ei skjerma vik ved Bergsvåg i Fusa.

— Eg er positiv til snøggbåtruta, eg, så eg har ein indre kamp når det gjeld dette, seier 74-åringen.

Rødne ankar

Dagleg leiar Lars A. Rødne i Rødne Fjord Cruise fortel at ruteselskapet er i ferd med å formulera ein klage på Kystverket sitt ferske vedtak.

— Eg veit at nokre reagerer, men ser ikkje problemet med praksisen vår i Lukksund. Fartsgrensa kom på 1950-talet, då det gjekk fjordarbåtar som laga alvorleg mykje større bølger enn det våre fartøy gjer i dag, seier Lars A. Rødne.

Norolf Sunde seier at det ikkje er dei synlege bølgene som er problemet med større båtar som går med stor fart, men draget i sjøen som dei lagar.

Sjølv om dispensasjonen til Hardangerfjordekspressen tok slutt 1.september, så har «Rygerfonn» enno ikkje sett ned farten til 9 knop i Lukksundet. Ifølgje Lars A. Rødne vil selskapet først avventa klagebehandlinga. MS «Rygerfonn» har ifølgje MarineTraffic.com og den automatiske identifiseringstenesta (AIS) for skip gått med mellom 24 og 30 knop gjennom sundet dei siste dagane. Båten passerer Lukksund morgon og ettermiddag dagleg, torsdagar og fredagar også om kvelden.

4,3 minutt lengre tid

Fartsrestriksjonen på 9 knop gjeld ein distanse på rundt ei nautisk mil (1852 meter) i det smalaste partiet av Lukksund, mellom Moseknappen lykt og Einingevik. Å redusera farten frå 25 til 9 knop, gir ein tidsdifferanse på 4,3 minutt, har Kystverket rekna ut.

«Vi har forståelse for at Hardangerekspressen er en pendlerrute som fordrer punktlighet. Kystverkets hovedkontor mener likevel at tidsdifferansen er et bekvemmelighetshensyn som ikke kan begrunne videreføring av dispensasjonen fra fartsforskriften i Lukksund», skriv Kystverket i vedtaket sitt.

Rødne Fjord Cruise nytta argument om tidstap og små bølgehøgder i den første søknaden om dispensasjon i 2006, men grunngav ikkje den fornya søknaden i sommar. Kystverket har likevel gått ut frå at selskapet legg til grunn dei same argumenta.

Rettssak i 1995

I behandlinga av søknaden har Kystverket Vest ikkje sett seg imot ein forlenga dispensasjon, men har samstundes peikt på at «fartsdifferansen mellom hurtigbåten og andre sjøfarende i Lukksund er uheldig.

I 1995 gjekk ein bebuar ved sundet til rettssak mot den dåverande ruteoperatøren HSD for å få erstatning for eit øydelagt naust som følgje av skader påført av sjø frå selskapets snøggbåt. Han tapte erstatningskravet i Midhordland heradsrett, men selskapet lova å respektera fartsgrensa for framtida. Ved fornying av Rødne Fjord Cruise sin fartsdispensasjon i 2009 hadde verken Tysnes eller Fusa kommune merknader til at søknaden blei innvilga.