Aker Stord er i rute med sine to prosess— og utstyrsmodular til Kristin-plattforma. Rundt 1.mars kjem stigerøyrbalkongen frå spanske Dragados for samanstilling med resten av plattforma på Stord.

Verken leiing eller tilsette ved Aker Stord ønskjer å kommentera omfanget av Dragados-jobben som må fullførast på Stord. Det får oppdragsgjevaren Statoil svara for, hevdar dei.

Men klubbformann Jarle Helland seier seg nøgd med at det blir arbeid for fleire norske industriarbeidarar.

Svenskane også

Frå før har Aker Stord og Aker Verdal utført tilleggsarbeid på plattformdekket slik at det skal tola vekta av bustadkvarteret som svenske Pharmadule Emtunga byggjer.

Emtunga vann kontrakten i tevling med aluminiumløysinga til Leirvik MT på Stord. Men stålkonstruksjonen er blitt fleire hundre tonn tyngre enn først rekna med. Bustadkvarteret kjem til Stord i vår for samanstilling med dekket.

— Vi får forhalda oss til dei opplysningane vi får frå Statoil. Vi skal sy dette saman til rett tid, uansett , seier Jarle Helland.

— Vi skal visa at norsk industri er i stand til å gjennomføra eit prosjekt som Kristin. Det er jo dette vi er gode på. Vi føler likevel at vi ikkje er vurdert godt nok, seier Helland.

— Det blir ekstraarbeid for oss. Det må løysast anten med fleire leigefolk på verftet eller på dei landanleggprosjekta vi har fått arbeid på i Hammerfest og på Kårstø, seier klubbleiar Jarle Helland.

Ukjent for Statoil

Gårsdagens melding i NRK Dagsnytt om at den norske sluttføringa av Dragados-arbeidet krev 350.000 - 450.000 timar og 300 - 400 millionar kroner ekstra, blei omtalt som ukjente storleikar av Statoil-leiinga.

— Det som står att er 100.000 - 200.000 timar. Det er dette Aker no skal sluttføra. At det skal kosta 300 - 400 millionar kroner ekstra, kjenner vi ikkje, sa Statoils informasjonssjef Kristofer Hetland til Stavanger Aftenblad i går.

— Det var rett å bruka Dragados. Det er Statoil ikkje i tvil om. Og vi må ikkje gløyma at seinkingane som Dragados fekk, også skuldast at Aker ikkje greidde å levera teikningane tidsnok til det spanske verftet, seier Kristofer Hetland.

Aker Stord sin kontrakt på dekksproduksjon og plattformsamanstilling er verd fem milliardar kroner. Dragados-kontrakten var i utgangspunktet verd nær 300 millionar kroner, og Emtungas bustadkvarter 240 millionar kroner.

Den ferdige gassplattforma skal slepast ut frå Stord 25.mars neste år. Heile Kristin-utbygginga var kostnadsrekna til 17 milliardar kroner.

KLAR: Aker Stord er klar til også å fullføra ekstraarbeid på Kristin-plattforma, slår klubbformann Jarle Helland fast.<p/>ARKIVFOTO: OVE A. OLDERKJÆR