PER MAIRJÆREN

Mannen fekk avskjed da den no 17 år gamle jenta i februar i år sa opp jobben sin ved anlegget. Ved oppseiinga kom ho med påstandar om både fullbyrda voldtekt og andre former for grovt sexmisbruk i jobben.

Sjefen gjekk til sak

Ein månad seinare gjekk ho også til politimelding av desse forholda. Men før påtalemakta hadde bestemt seg for eventuell tiltale, kom avskjedssaka opp i Ytre Sogn tingrett som ei eiga sivil rettssak.

Det var den daglege leiaren sjølv som gjekk til søksmål med krav om å få jobben sin tilbake. Men utan å få rettens medhald.

For tingretten i Ytre Sogn fann jenta si forklaring om sexpress, voldtektsforsøk og fullbyrda voldtekt truverdig nok. Retten meiner såleis at arbeidsgjevaren hadde godt nok grunnlag til å gje den daglege leiaren sparken på dagen.

Dette er ikkje det same som at mannen er funnen skuldig i voldtekt. For sjølv om tingretten gjer ei sjølvstendig vurdering av bevis og vitneforklaringar i ei slik sivil sak, vil det bli det heilt andre og strengare krav til bevis i ei eventuell kommande straffesak.

I denne omgang har retten vurdert om arbeidsgjevaren der og da har hatt godt nok grunnlag for å gje den daglege leiaren sparken, og funne at svaret må bli ja.

— Låste døra og voldtok

Det var i februar at jenta, som har fylt 17 år, leverte arbeidsgjevaren eit oppseiingsbrev der ho antyda sexmisbruket, i tillegg til andre uhaldbare forhold på jobben.

Like etter fortalde tenåringsjenta om grove overgrep frå den daglege leiaren si side. Saman med ei venninne, sjefen og ein annan mann hadde ho dradd til sportsanlegget etter ein fest, og sjefen skal ha fått henne for seg sjølv, låst døra og voldteke henne inne på eit rom utan vindu. Den andre episoden skal ha skjedd ei tid seinare, ved avslutninga av arbeidsdagen, da skal ha tatt henne med inn på bakrommet, kledd delvis av henne og prøvd å voldta henne. Men denne gongen skal ho ha kome seg unna, og dagen etter sa ho opp jobben. Ho fortalde også om mildare former for sextrakassering frå sjefens side.

Ut frå desse opplysningane kontakta selskapets styreleiar mor hennar, og dei møttest saman med jenta og selskapets advokat kort tid etter. Deretter vart opplysningane som kom fram i møta lagt fram for styret, som fatta samrøystes vedtak om å gje den daglege leiaren sparken.

Vanskeleg sak

I retten avga den daglege leiaren og andre vitne forklaringar som stod i sterk motstrid til 17-åringens versjon. Men retten festar ikkje lit til deira forklaringar, og skriv mellom anna at vitneprova ber preg av «samordning, for eksempel gjennom detaljkunnskap for deler av hendelsesforløpet med bruk av likelydende ord og uttrykk».

Retten peikar også på at minst eitt av vitna hadde fått lese andres framstilling av saka, før vedkommande sjølv skulle avgje sin versjon. Vidare har retten merka seg at den daglege leiaren og minst ein av dei som vitna til hans fordel, tidlegare er straffa for forhold som betingar falsk forklaring.

I dommen peikar retten også på at voldtekten og voldtektsforsøket begge må bedømmast som svært alvorlege og normalt - dersom dei strafferettslege vilkåra er oppfylt - vil kvalifisere til ei lengre fengselsstraff. Alle forhold vart begått mot ein underordna og monaleg yngre arbeidstakar.

Sjølv om saksøkaren tapte saka fullstendig, blir den daglege leiaren ikkje dømt til å betale sakskostnadene til motparten, for som retten skriv:

«(...) saken har reist enkelte vanskelige avveininger av faktisk art som har voldt tvil».