— Folkesnakket går enno i Sogndal om denne saka, og vi ønskjer no at rådmannen overtyder oss og innbyggjarane om at alt har gått rett føre seg, seier leiar i Sogndal Arbeidarparti og tidlegare stortingsrepresentant Astrid Nistad.

Nistad fortel at det var Bergens Tidendes omtale av saka som fekk henne til å reagere. Artikkelen sette søkjelyset på korleis den tyske storkjeda effektivt vart blokkert av lokale interesser i Sogndal, etter at kjeda faktisk hadde inngått kontrakt med Gilde som disponerer tomta.

— Dette går blant anna på vilkåra for festekontrakten, og måten Lidl sin planar vart framlagt for politikarane på, seier Nistad.

— Vi vil no ha greie på om det finst viktige opplysningar eller dokument som ikkje er blitt lagt fram for dei som skulle ta den politiske avgjerda, seier Nistad - I og med at det er blitt såpass folkesnakk vil vi at denne saka blir skikkeleg opplyst.

Nistad seier at ho forventar at rådmannen gjer greie for saka i førstkommande kommunestyremøte som er beramma til den 25. mars.