bt.no møter Anders Fretheim på Flesland. Han er på veg til Wales for å fiske laks og sjøaure. Det kunne han i teorien gjort i Flåmselvi, der han er medeigar.

Men i Flåmselvi har Fylkesmannen stengt all fiske fram til 2014.

Her er heile lista over stengde vassdrag i Sogn og Fjordane (pdf)

Britiske lordar

— Det er ganske absurd, seier Fretheim.

— På 1850-talet starta forfedrane mine med utleige av sportsfiske til britiske lordar Det var starten på turismen i Flåm. 160 år seinare må eg altså reise andre vegen for å kunne bruke flugestonga - på grunn av vanstyret som har vore her til lands, seier Fretheim.

Med «vanstyre» meiner Fretheim framveksten av oppdrettsnæringa i fjordane. Han er sjokkert over at det no kan liggje an til ein dramatisk vekst i oppdrettsnæringa i Sognefjorden. Som BT skreiv i går, vil mengda av oppdrettslaks bli meir enn dobla, frå dagens 30.000 tonn til 70.000 tonn, dersom alle konsesjonssøknadene går gjennom.

— Då blir det kroken på døra for villaksen, meiner Fretheim.

— No har dei øydelagt Hardangerfjorden. Det hjelp ikkje å flytte driten til Sognefjorden. Oppdrettsnæringa greier rett og slett ikkje å handtere lakselusa.

- Det hjelp ikkje å stenge

Flåmselvi har vore stengt for fiske i femårsbolkar både på 80- og 90-talet, ifølgje Fretheim. I 2009 bestemte elveeigarane sjølve at det ikkje skulle fiskast. Ingenting av dette har hjelpt stort på bestanden. Og sjølv om luseproblemet er mindre i dag enn for ti år sidan, meiner Fretheim at oppdretten framleis har skulda for det dårlege fisket.

— Stenging hjelp ikkje, for smolten døyr i lusebeltet i Ytre Sogn. Det er mange elvar som balanserer på eggen for om dei skal stengjast eller ikkje. Og blir det meir oppdrett, er me sikre på at det blir meir lus, seier Fretheim.

bt.no har vore i kontakt med fleire elveeigarar i Sogn og Fjordane. Bjørn Vike, leiar i Aurland elveeigarlag, meiner det herskar opprørsstemning blant dei.

— Me er heilt fortvilte over det som skjer. Me vil ikkje ha reprise av lakselusinfernoet i Hardangerfjorden i Sognefjorden. Me vil ha villfisk i elvane våre, seier Vike.

— Vil me ha villaks?

Elveeigarlaga i Aurland, Flåm, Nerøy og Lærdal har skrive eit brev der dei ber fylkeskommunen stoppe alle planlagde utbyggingar av oppdrettsanlegg i ytre del av Sognefjorden. Sivilingeniør Bjarne Meel har fungert som rådgjevar for elveeigarane. Han etterlyser ei betre kartlegging av villaksen sine vandringsvegar og ei overordna fylkesplan for kor oppdrettsanlegg bør liggje.

— Oppdrett og villaks må kunne eksistere side om side. Ein kan ikkje leggje oppdrettsanlegg midt i motorvegane for villaksen, seier Meel.

Anders Fretheim meiner diskusjonen som no blir reist omkring oppdrett i Sognefjorden er «heilt eksistensiell».

— Vil me ha villaks, eller vil me ikkje? I fjor gjekk blant anna ordføraren i Austevoll ut og sa at han heller ville ha oppdrett. Det er eg sjølvsagt rykande ueinig i, men det er i alle fall eit ærleg standpunkt. Det me driv med no, er berre seigpining av villaksen, seier Fretheim.

Bør det tillatast meir lakseoppdrett i Sognefjorden? Bruk kommentarfeltet.