Fylkesmannen har gitt Årdal kommune fullt medhald i at dei har rett til å krevje stridsvogna fjerna. Men samstundes oppmodar fylkesmannen partane i stridsvogn-striden om å finne ei minneleg løysing.

— Dette er ei spesiell sak fordi kommunen ønskjer å fjerne ein tanks, som også er eit krigsminne. Vi oppmodar partane om å finne ei løysing der stridsvogna blir tatt vare på, og gitt ei tenleg plassering som ikkje er til sjenanse for alle.

Verdt over ein halv million

Årdølen Jan Harald Torvund er ein entusiastisk samlar av krigseffektar. Esset i samlinga er den einaste fungerande Sherman-stridsvogna i Nord-Europa. På samlarmarknaden er verdien truleg godt over ein halv million kroner. Sherman-tanks blei brukt under frigjeringa av Fastlands-Europa. 6. juni 1944, D-dagen, blei Torvunds stridsvogn sett på land på Swordstranda i Normandie. Inni sat fem engelske soldatar.

Etter krigen blei stridsvognene rehabiliterte, og brukte som våpenhjelp. Men ingen av dei 7000 eksemplara som var produserte, kom til Norge. Før Torvund kjøpte sin av ein svensk samlar i 1997. I dag er stridsvogna i hagen i Øvre Årdal sannsynlegvis den einaste fungerande stridsvogn av sitt slag i Nord-Europa.

Støtte frå forsvarstoppar

Etter å ha fått grønt lys til å importere krigsminnet av både Justisdepartementet, Kulturdepartementet og Årdal kommune, plasserte Torvund tanksen i hagen like ved riksvegen i Øvre Årdal. Men kommunen likte ikkje plasseringa. I vår avgjorde kommunen at tanksen må vekk fordi han skjemmer området.

Torvund har aldri akseptert avgjerda, og har også fått støtte frå toppar i det norske forsvaret.

Tidlegare forsvarssjef Arne Solli og direktør Rolf Scheen ved Forsvarsmuseet understreka i eit brev til Årdal kommune i sommar at køyretøyet er unikt i norsk samanheng.

— Sherman tanks blei eit symbol på frigjeringa av heile Europa. Dette krigsminnet er eit klenodium, hevda forsvarstoppane.

Skjemmande

Men Fylkesmannen gir no kommunen medhald i at slik tanksen og ein del andre krigseffektar står i Torvunds hage i dag, skjemmer det området ved innkøyrsla til Øvre Årdal.

— Eigedommen ligg ope til, og det er også lagra andre store gjenstandar der. Vi legg også vekt på at det er uvanleg å lagre ein tanks og andre militærkøyretøy på ei bustadtomt, skriv fylkesmannen.

I praksis har Torvund no fått ein frist til 20. oktober med å rydde hagen. Deretter blir det dagmulkt på 300 kroner.

Bergens Tidende fekk i går ikkje kontakt med Torvund, men han har tidlegare stilt seg heilt avvisande til å fjerne tanksen. Dersom fylkesmannen ikkje gav han medhald i klagen, har Torvund gitt uttrykk for at han vurderer rettssak.