Herdla naturreservat skjuler seg under eit tynt kvitt dekke denne veka. Det ser roleg og fredeleg ut. Fire store, nye, flotte skilt som fortel om fuglar, vernereglar og kva ein kan gjere i reservatet, er og dekka av snø.

Men fasaden lyg. Det er ikkje fredeleg her. Teksten på plakatane skapar bråk, fordi den er på bokmål.

Kostar 8000 kroner

Det er Fylkesmannen i Hordaland som eig reservatet og som har laga plakatane. Fylkesmannen har nynorsk som sitt administrasjonsspråk og skal bruka nynorsk når dei formidlar noko til allmenta. Dei har fått inn ein klage om at plakatane skulle vore skrivne på nynorsk.

— Klagaren har heilt rett, seier naturforvaltar Stein Byrkjeland hos Fylkesmannen.

No vil Fylkesmannen ta ned skilta og sette opp nye, på rett målform. Trykking av nye plakatar vil koste rundt 8000 kroner.

— Vi har ikkje pengar til dette over årets budsjett, så mest truleg vil det ikkje verte sett opp nye skilt først neste år, seier Byrkjeland.

- Mislikar nynorsk?

Hordaland Mållag er skuffa over at Fylkesmannen nytta bokmål i utgangspunktet.

— Det er eit press på Herdla om å bruka bokmål, difor er det viktig at nynorsk vert brukt der, seier leiar Martin Årseth.

- Kva trur du er årsaka til Fylkesmannen har nytta bokmål?

— Det er jo sikkert mange bokmålsbrukarar som ikkje tenkjer. Det kan vere ein glipp, men det kan ha vore gjort med vilje. Det kan hende dei skriv på bokmål fordi dei mislikar nynorsk, seier Årseth.

Byrkjeland hos Fylkesmannen avviser påstanden.

— Det er ikkje slik at eg ikkje likar nynorsk. Eg brukar like gjerne nynorsk som bokmål, seier mannen, som sjølv skreiv den omstridde teksten.

— Eg tenkte vel at fordi Askøy kommune er ein språknøytral kommune, så kunne skiltet vere på bokmål, seier han.

- Sløsing

Morten Bjørnstad driv Herdla Gård, og skilta står på hans eigedom. Han synest det er meiningslaust å sette opp nye skilt.

— Det er sløsing av offentlege midlar som ikkje liknar grisen. Det må vere andre offentlege oppgåver som er viktigare enn å endre målforma på desse skilta, seier Bjørnstad.

Bjørnstad er veldig nøgd med dei nye skilta.

— Alle skjønar kva som står der. Det er litt sånn taliban over dette. Når først ting er på plass, så skal ein finna ein juridisk spisfindighet å ta det på, seier Bjørnstad.

Han seier han ikkje ville ha reagert om skilta først vart sett opp på nynorsk.

Språkkamp er ikkje noko nytt på Askøy. Berre nokre kilometer unna reservatet sto kampen i fjor på Fauskanger barne - og ungdomsskule. Då vant nynorskfolket.

Kva synest du om saka? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!