Etter å ha levd med den mest rasfarlege vegen i landet i 70 år, må sogningane punge ut av eigen lomme for at vegen skal bli trygg. I 15 år framover skal bilførarar betale 25 kroner kvar gong dei passerer Fatlaberget. Hadde kommunestyra i Leikanger og Sogndal vendt tommelen ned for bompengar, ville ikkje vegen der 24 år gamle Katrin Lerum miste livet tysdag morgon blitt rassikra før i 2014.

— Vi har teke den psykiske kostnaden med ein utrygg og rasfarleg veg i årevis. No skal vi også betale for å få sikker veg. Det provoserer meg, seier Monica Åsnes.

Samfunnsansvar

Ho var den første som kom til ulukkesstaden i Fatlaberget, og fortalde i gårsdagens Bergens Tidende om korleis ho opplevde den tragiske ulukka. Åsnes sit også i kommunestyret for Høgre i Leikanger, og legg ikkje skjul på at ho er motstandar av bommen som kjem når tunnelen er klar til bruk i november neste år.

Det same meiner Kai Lille-Homb, som var med på å skipe Aksjonsgruppa for rassikring av riksveg 55 Sogndal-Leikanger. Han sa til BT i går at det er meiningslaust at slike prosjekt skal delfinansierast med bompengar.

— Dette er småpengar for staten, men eit stort løft for pendlarane, meiner han.

Avgjort sak

I følgje Leikangerordførar Olav Lunden er saka om bompengar i Fatla avgjort. Siste gongen den var framme for dei folkevalde i dei to kommunane, var i vår. Bakgrunnen var vegstengingane og nestenulukkene sist vinter.

— Alle gongene spørsmålet om bompengar har vore oppe for kommunestyra, har eit stort fleirtal vore positive. I følgje ordinære planar skulle ikkje Fatlaberget blitt sikra før i 2012-2014. Dette var årsaka til at kommunane valde å søkje om bompengefinansiering, seier Lunden.

Då bompengeprosjektet blei godkjent var kostnaden med den nye tunnelen kalkulert til 150 millionar kroner. Bompengar skal betale 60 millionar, staten resten. Sidan prosjektet gjekk gjennom, har kostnaden auka til 160 millionar.