• GIR OPP: Elevane har gitt opp å få PC-ar som fungerer. Men dei vil kjempe for at elevane som kjem etter dei får betre vilkår når maskina ryk. Frå venste: Miriam Heggøy, Guro Helland, Marie Eide Wiik og Birte Abelone Mjanger. FOTO: Cecilie Eikås Nygård.

Må betale for PC som ikkje fungerer

Etter nye reglar er alle elevar på vidaregåande skule i fylket tvunge til å bruke PC. Problemet er at batteriet på maskinene ikkje tåler bruken, noko elevane sjølve må punge ut for.