Det er Direktoratet for Naturforvaltning (DN) som har avgjort at elveeigarane ikkje får drive vidare kultiveringsarbeidet. DN meiner utsetjinga av smolt gjer at faren aukar for at lakseparasitten gyrodactylus salaris kan spreie seg til andre vassdrag i området. Elveeigarane berre bles av påstanden, og garanterer at småfisken dei set ut er gyrofri.

— No må vi sannsynlegvis rett og slett ta livet av fisken som står i klekkjeriet. Det blir tøffe tider, seier Knut Eltun i Lærdal elveeigarlag.

— Finst det ikkje andre alternativ?

— Kva skulle det vere?

Tredje året

I fire store kar på klekkjeriet på Ljøsne i Lærdal hoppar og sprett kring 5500 små fiskar. Det er avkom frå stamlaks som blei fangar hausten 2001. I januar skjedde klekkinga. I slutten av mai skulle dei fått møte saltvatn for første gong.

— Dette er eit arbeid vi har gjort under streng veterinærkontroll. Denne fisken er garantert fri for gyro, seier klekkjeristyrar Torkjell Grimelid.

Det er på tredje året at elveeigarlaget har fiska opp gyrosmitta laks frå Lærdalselvi. I klekkjeriet på Ljøsne har fisken blitt stroken. Som yngel har dei gått i grunnvatn for å sikre at den er fri for parasitten. Når fisken er klar til å gå ut i havet har elveeigarane plassert smolten i ein merd i elveosen, for at laksen skal finne tilbake til Lærdalselvi. Deretter har merda blitt drege gjennom saltvatn utover Sognefjorden. Lakseparasitten overlever ikkje i saltvatn, og tauinga ut fjorden er gjort som ei ekstra forsikring om at fisken skal vere fri for parasitten. Like vest om Balestrand har merda blitt opna, og smolten slept ut i fjorden for å ta til på vandringa til havet. Eitt år seinare kjem han tilbake til elva.

Sikre stammen

— Vi har gjort dette som eit tiltak for å hindre at lærdalslaksen ikkje skal daude ut. På denne måten har vi sikra å ha ein havreserve av frisk lærdalslaks, i tillegg til det som finst i genbanken i Eidfjord. Det er vanskeleg for oss å forstå kvifor vi ikkje kan halde fram, seier Grimelid.

Smittefare til andre vassdrag er årsaka til at direktoratet nektar elveeigarane å halde fram. DN meiner Lærdalsfjorden er den mest risikofylte smitteregionen i landet.

— Vi vurderer det slik at utsetjing av laksesmolt fører med seg ein høgare sjanse for smittespreiing. Etter vårt syn er det ikkje fagleg forsvarleg å halde fram dette arbeidet, heiter det i brevet der avslaget blir gjort kjent.

Til Bergens Tidende seier elveeigarlagsleiar Knut Eltun at dei kjem til å anke avgjerda inn for Miljøverndepartementet:

— Men med dei signala vi har fått er det liten grunn til å tru på at departementet vil gjere om vedtaket.

Nektar å fiske

Elveeigarane, som har drive dette arbeidet på privat initiativ, har reagert sterkt på avslaget. På eit møte nyleg vedtok elveeigarlaget at dei i år ikkje kjem til å fiske opp laks. Til Bergens Tidende seier Knut Eltun at han forstår frustrasjonen som oppstod då avslaget blei kjent.

— I mange år no har det vore eit veldig sterkt engasjement for å redde laksen og elva. Folk har lagt ned svært mykje arbeid for å berge vassdraget. Men når vi no føler at mange vedtak går mot oss, fryktar eg at engasjementet kan minke, seier Eltun.

MÅ AVLIVAST: Laksesmolt klar for havet. No må klekkjeristyrar Torkjell Grimelid konstatere at desse og kring 5500 andre slike små laksar må avlivast. Elveeigarane i Lærdal får ikkje lenger setje smolt ut i Sognefjorden.<p/>ODDLEIV APNESETH