OVE A. OLDERKJÆR

Amundsen Diving AS fekk vinteren 2000 oppdraget med å slepa og ankra opp ein lekter hos Nutec Bergen AS på Ytre Laksevåg. 2.mai samme år rauk ein kjetting i lekteren, som kom i drift og måtte bergast. Kjettingen tolte ikkje påkjenninga av bølgene til ein MTB-flotilje som passerte.

Sunnhordland tingrett slår i ein dom fast at fortøyningane var for veike, og at Amundsen som totalentreprenør må erstatta Nutec sine utgifter med å berga lekteren etter uhellet og å sikra han for framtida. I alt er dette kostnadsrekna til 751.854 kroner. Som tapande part må Amundsen i tillegg betala Nutec og forsikringsselskapet Gjensidige Nor sine sakskostnader på 92.793 kroner.

Ankar

Dagleg leiar Lef Georg Amundsen seier til Bergens Tidende at dommen mot Amundsen Diving vil bli anka.

Bergensselskapet Norman AS henta inn tilbod og handterte prosjektet på vegner av Nutec. Amundsen har vist til at Norman spesifiserte kva type kjetting som skulle brukast, og at prosjekteringsselskapet dermed må ta ansvaret for og utgiftene med uhellet.

Det Norske Veritas konkluderte etter uhellet med at den aktuelle kjettingen var ueigna til fortøyning. Det blei slått fast at kjettingen rauk ved ein sveiseskøyt.

Sunnhordland tingrett finn det ikkje prova at bølgene frå MTB-ane var så ekstraordinært store at ikkje lekterfortøyningane burde tola dei.

Amundsen Diving heftar som totalentreprenør for at fortøyningane fyller dei krava til funksjonalitet som Nutec kravde i tilbodsinvitasjonen, uttalar retten. At Norman AS godkjende kjettingvalet endrar ikkje på dette ansvaret, heiter det vidare.