EYSTEIN RØSSUM

— Det var ekkelt, tykte Cecilia Grepp frå Stockholm, som var ein av dei 137 passasjerane om bord.

Båten var på veg rundt Ole Bulls Lysøen då han gjekk på ei grunne litt etter klokka 18 i går kveld. Den gamle fjordabåten la seg kraftig over på sida etter den harde smellen, før han retta seg opp og bikka til motsett side.

— Ei lita stund lurte vi på om vi skulle gå heilt rundt, seier Hege Vefring, bioingeniør ved Sentralsjukehuset i Rogaland.

Tok på redningsvestar

Passasjerane var bioingeniørar og biokjemikarar frå heile Norden, samla til konferanse på Solstrand Hotel.

Alle passasjerane fekk straks beskjed om å få på seg redningsvestane. Samtidig gjekk mannskapet på ni i gang med å undersøkje om båten hadde fått skader i grunnstøytinga.

— Etter fire-fem minutt hadde vi gått igjennom båten på innsida og konstatert at det ikkje var synlege skader, korkje på maskin eller skrog, seier Carl Gunnar Nesheim, som eig MS «Bruvik» og som sjølv var med på turen.

Umerka grunne

Mannskapet fekk ros av passasjerane for måten den uventa smellen vart takla på.

— Dei var flinke og rolege. Vi fekk god informasjon, og det vart ingen panikk om bord, seier Svein Erik Haugmo.

Grunnstøytinga skjedde i hovudløpet rundt Lysøen, på Fanafjell-sida.

— Vi såg at det var ei grunne der. Samtidig ville vi styre unna ei blåse som låg like ved. Vi meinte grunna låg nærare land, og dermed tok vi nedpå. Ho var ikkje merka med stake - det burde ho kanskje vore, seier båteigar Nesheim, som innrømmer at det ikkje var ei hyggeleg oppleving.

— Det var sjølvsagt ubehageleg, og noko ingen ønskjer å oppleve. Vi får trøyste oss med at det gjekk bra, og at passasjerane tok det roleg og med godt humør, seier Nesheim.

Bygd for isbryting

Då MS «Bruvik» la til kai ved Solstrand litt før klokka 20 i går kveld var redningsvestane for lengst tatt av og stemninga om bord atter upåklageleg. Dei frammøtte lensmannsfolka frå Os kunne slå fast at mannskapet var klinkande edru, og etter at alle gjestene var komne på land gjekk MS «Bruvik» vidare til Bergen.

Der ville båteigar Nesheim ha ein dykkar til å undersøke båten på utsida.

— Men han er bygd for å gå som isbrytar i Osterfjorden. Det er solide saker, og eg er ikkje forundra over at båten tålte smellen, seier Nesheim.

KLARE FOR EVAKUERING: Alle passasjerane måtte ta på seg redningsvestar etter grunnstøytinga, medan mannskapet undersøkte om båten var skadd. <br/>Foto: BIRGIT GJERDE