M/F «Fanafjord», som trafikkerer sambandet Halhjem-Sandvikvåg, er ute av drift etter at ho small i ferjelemmen omtrent klokka 1720.

— Alt verka normalt. Så kom det ein valdsam krasj, og det verka som ferja braste rett i land, fortel Anne S. Lønne, som sat i bilen på underdekket då det small.

Torsdag er det framleis ikkje klart kva som gjekk gale. Reiarlaget trur det kan dreie seg om ein elektronisk feil, men det kan ta fleire dagar å finne han. Ekspertar driv med feilsøking på ein verkstad i Ølen. Etter det bt.no forstår kan ferga tidlegast vere tilbake i trafikk søndag. Slik vert trafikken på sambandet mellom Os og Stord dei næraste dagane:

Tre knop

Ferja kom ifølgje passasjerar skeivt inn mot ferjelemmen og trefte først med sida av skroget to gonger - deretter small baugen inn i lemmen med stor kraft. To forsøk på å legge til skal ha vore mislykka, og ferja flytte seg deretter til ferjelemmen ved sidan av.

Passasjerar som var ombord opplevde samanstøyten som ein kollisjon.

— Ferja gjekk for hardt til, stadfestar driftsleiar i Fjord1, Oscar Bergheim.

Ifølgje Bergheim hadde ferja ei fart på tre knop rett før samanstøyten.

Skadar i baugen

M/F «Fanafjord» har fått betydelege skadar i baugen og går no for eigen maskin til verkstad for reparasjonar.

Bergheim vil ikkje seie noko meir om omfanget før det er gjort nærare undersøkingar. Han vil heller ikkje gå i detaljar om årsakane til ulykka.

— Det er snakk om tekniske feil, seier Bergheim.

M/F «Fanafjord» er ei gassdriven ferje, levert i 2007. Bergheim understrekar at svikten ikkje har noko med gassystemet å gjere.

Kø i vente

Sambandet Halhjem-Sandvikvåg blir inntil vidare trafikkert av ei ferje, og passasjerar må dermed rekne med vesentlege forseinkingar. M/F «Bergensfjord» er på veg for å ta over og er venta å vere i trafikk mellom Halhjem og Sandvikvåg ca. klokka 2200.

«Bergensfjord» har vikariert i sambandet Arsvågen-Mortavika. Det vert dermed redusert kapasitet på dette strekket onsdag og torsdag, opplyser Fjord1.

Sjekk oppdaterte veg- og ferjemeldingar.

Erik Ask (MMS)
M/F "Fanafjord" er ute av drift etter at den køyrde inn i ferjelemmen i Sandvikvåg onsdag kveld.