Ein motorsyklist har velta i Vetlebotntunnelen i Aurland. Ulykka skjedde på riksvei 50, og politiet blei varsla klokka 10.41.

— Det var ein person som vart skadd og sendt til sjukehus med luftambulanse, opplyser operasjonsleiar Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet kjenner ikkje skadeomfanget.

Mannen, som er i slutten av 40-åra, er sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Årsaka til ulykka er ikkje kjend, men det var ingen andre køyretøy involvert.