Ulykka skjedde midt i sentrum ved Sandane senter klokka 13.

– Ulykka har skjedd i samband med at bilen har svinga av og kryssa motgåande køyrebane. Bilen låg bak eit større køyrety og såg ikkje motorsyklisten som kom i mot, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikt.

MC-føraren vart lettare skadd, medan bilføraren ikkje fekk fysiske skader. Bilen var ikkje køyrbar etter ulykka.

Politiet har no overlate saka til påtalemyndigheita.