— Det var ein stakkar som bomma litt, men det enda heldigvis bra. Farten var nok litt for stor, seier driftsleiar Viktor Flister på anlegget til Marine Harvest ved Dombestein i Bremanger.

Køyrde over ringen

Det er Fjordenes Tidende som fortel den utrulege historia om føraren av den 25 fot store daycruiseren som søndag kveld greidde å køyre seg inn i ei merd på oppdrettsanlegget. Ut att kom han seg derimot ikkje. Ein brønnbåt måtte løfte båten ut med kran dagen etter.

Stein Sunde stod på land og såg det som skjedde:

— Båten kom i veldig fart. Eg såg det kom til å gå gale. Det small skikkeleg, fortel Sunde til papirutgåva av lokalavisa.

Ein meter gjerde

Han trur båten minst må ha køyrt i 25 knop. Sunde var uroa for at dei om bord hadde skada seg, men roa seg då han såg ei lommelykt bli tend i båten.

— Då ringde eg dei som styrer med anlegget. Dei kom fort til staden, fortel han.

Gjerde på ringen rundt merda er godt over ein meter høgt. I den høge farten har båten på eit eller anna vis glidd rett over gjerdet, og inn til småfiskane.

Stressa båtførar

Undersøkingar etter ulukka viser ingen omfattande skader. Marine Harvest har verken funne hol i nota eller skader på ringen.

— Vi har hatt dykkarar nede for å inspisere. Dei fann heldigvis ikkje noko hol, så all fisken er der. Vi kan heller ikkje sjå at det er skadar på ringen, men vi vil få produsenten på staden for sjekke nærare, seier driftsleiar Flister.

Han har aldri opplevd liknande sjølv, men har høyrt tilsvarande historier frå andre stader. Flister må le litt av heile episoden, spesielt sidan alt gjekk bra. Den uheldige båtføraren, som er frå området, er i fin form.

— Han var litt stressa. Det går jo an å forstå, seier Flister som fortel at det ikkje var alkohol med i spelet. Politiet var på staden og testa for det.

Eiga maskin

Han trur ikkje den nyutsette 100 gram store smolten har teke skade.

— Litt skremde blei dei nok, med det vil gå bra.

Måndag kom ein brønnbåt til Dombestein, og brukte kranen til å løfte båten ut av oppdrettsanlegget. Også båten viste seg å vere i god stand.

— Utpå ettermiddagen kunne han køyrast heim for eiga maskin, fortel Viktor Flister.

HER ENDA FERDA: Føraren såg ikkje det merka oppdrettsanlegget. I stor fart køyrde han over ringen med eit meir enn ein meter høge gjerde.