Museumsstyrar Tore Lande Moe har sikra seg ei handfull med eksemplar av den særmerkte legen si skiltsamling frå uthusveggen på eigedommen ovanfor Leirvik sentrum. Eigedommen i Holevegen er no selt etter at Emil Moe døydde for knapt eitt år sidan.

Emil Moe var uvanleg elektonikkinteressert, og brukte mykje av fritida til å mekka på fjernsyn— og radioapparat, og altså utdaterte lysreklameskilt.

Manglar flaggskiltet

Apotekskiltet som Moe i Bergens Tidende i 1989 omtalte som sjølve «flaggskiltet» har folkemuseet ikkje fått hand om. Det er framleis i Moe-familien si eige. Emil Moe fortalte at han fann skiltet slengt i gata då gamleapoteket på Leirvik blei rive.

Eit bankskilt og eit BT-skilt er blant arven etter Emil Moe som er plassert på museets lager, og som seinare kan lysa opp ei eller anna utstilling. Bergens Tidende skreiv elles i reportasjen i 1989 at Emil Moe syntest det var kjekt å kunna ta vare på gamle skilt, og at iveren etter å få defekt lysreklame til å virka att syntest endå kjekkare.

Sårt forhold

Museumstyrar Tore Lande Moe, som ikkje er i slekt med Emil Moe, kan fortelja at Sunnhordland Folkemuseum har eit litt sårt forhold til gamle reklameskilt. Årsaka er at museet er fråstole tre metallskilt som var monterte på den gamle krambua i Parken. Det var ein utandørs kaffireklame og to innandørs reklameskilt for post og snus. I tillegg er det fjerna ei gammal utstillingssøyle for barberblad.

— Måten tjuveria er utført på, viser at det er samlarar som må ha vore ute, seier Tore Lande Moe, som legg til at museet seinare har installert tjuverialarm.

Museumsstyraren har også eit ønskje om å få hand om ein skikkeleg skiltgodbit frå Leirvik-byen; det handskorne treskiltet som hang på den gamle bokhandelen midt i Borggata.

På Emil Moes gamle uthus i Holevegen heng framleis to reklameskilt for Seiko-ur att. Som lysande minne om den originale doktoren sin rundt 50 år lange tradisjon med å gje bort eit armbandsur til personar som særmerkte seg med ekstra arbeidsinnsats.

LYSANDE MINNE: To klokkeskilt heng att på uthuset i Holevegen som påminning om Emil Moes store elektonikkinteresse.<p/>Foto: Ove Olderkjær