Det er informasjonssjef Trygve Hillestad ved Hordaland politidistrikt som kan gje gladmeldinga om at det no er framgang i saka som Bergens Tidende fortalde om i går.

— Folka våre i Norheimsund vil ta ein prat med Steine og senda saka attende hit. Så vil vi gjera ei påteikning, og ekspedera den til endeleg avgjerd i UDI i Oslo. Vi har nyleg fått papira oversendt derifrå, seier Hillestad til Bergens Tidende.

— Dette er godt nytt. Her i Norheimsund er det små tilhøve, og greie politifolk med lokalkunnskap, kommenterer Åshild Steine.

Kor lang tid det vil gå før Phillip kan reisa til Norheimsund, er likevel uklart. Etter det Bergens Tidende får opplyst, vil UDI, ved ei positiv avgjerd, utferda eit visum som vert sendt til generalkonsulatet i Huston, Texas. For at Phillip skal sleppa å skaffa seg visum til USA først, vil papira bli sendt vidare til konsulen i Kingston på Jamaica, der han kan henta det ved personleg frammøte.

— Akkurat det går greitt, for han bur for tida hjå foreldra sine i Kingston. Husværet vårt i Negril er utleigt sidan vi skulle reisa bort, og han har teke seg fri frå musikkstudioet han driv saman med ein kompanjong i Negril, fortel Åshild.

Ho er plaga med astma, og vil gjerne attende til sola og varmen på Jamaica. Men først vil ho at sambuaren får helsa på familien hennar i Norheimsund. At heile familien reiser andre vegen, er lite aktuelt, særleg for den eldste generasjonen.

— Kor lang tid har du ork til å venta?

— Vi kan ikkje gje opp no, når det ser ut til å bli ei løysing. Men slik har det diverre vore mange gonger sidan søknaden vart skriven i juni. Både fødselsdagsfeiring og eittårsdagen for trulovinga står i fare, seier Åshild Steine til Bergens Tidende.

— Er det aktuelt å utsetta besøket til neste år?

— Nei, vi har sikkert ikkje ork til å gå i gang med noko slikt att så fort. Får vi det ikkje til no, så vil det nok gå nokre år før vi prøver igjen.

VENTAR: Politimeisteren i Hordaland melder godt nytt for Åshild Steine i Norheimsund som ventar på kjærasten frå Jamaica. Men framleis er det uklart kva tid han får lov å koma.