Fleire talarar gjekk til frontalåtak mot einkvar bompengefinansiering av ny veg. Det var til lita hjelp at partiformann Carl I. Hagen i innleiinga si slo fast at «vi må tåle at det er ulike syn i partiet på bompengeprogram».

«Smerteleg klar»

Søviknes må ha ant kva som var i vente, for i eit tidleg innlegg uttala han at «vi er smerteleg klar over at det kan skape problem for partifeller i andre delar av landet, at vi har gått inn for bompengefinansiering i Os».

Han la ut om at det er skilnad på å vere i opposisjon og i posisjon. I opposisjon kan du drive partimarkering til dels med populistiske standpunkt. Det er ei stor utfordring å forhandle og inngå kompromiss som ikkje er i samsvar med partiprogrammet.

— Av og til må du inngå kompromiss når du har vilje til makt. Det er betre med eit steg i rett retning enn å bli sett på sidelina, forklarte Søviknes.

Med bodskapen etter læringskurva som Søviknes har vore igjennom «gjekk ikkje heim».

«Utglidingar»

Direkte adressert til Søviknes, sa Anders Anundsen, delegat frå Vestfold Frp:

— Vi må vere på vakt mot utglidingar. Når folk høyrer om eit bompengeprosjekt, så skal folk vite at Frp er til å lite på.

Kenneth Svendsen, som er samferdselspolitisk talsmann for Frp på Stortinget, omtalte i eit innlegg «bompengefinansiering som ein kreftsvulst som sprer seg ut over landet». Han karakteriserte bompengefinansiering som «tjuveri overfor bilistane». Og han slo fast at Frp må vere ein «garantist mot bompengar».

Fleire andre talarar, inkludert 1. Nestformann, Siv Jensen, fann også grunn til å påpeike at partiet er imot bompengefinansiering.

Pomp og kongehelsing

Landsmøtet vart opna med ein bildekavalkade frå valsendingane i fjor haust med presentasjon av Frp sine nye ordførarar. Partiet gjorde sitt bes-te val gjennom si 30-årige historie og hylla seg sjølv til tonane til komposisjonen Pomp and circumstanses. Seansen vart avslutta med opplesing av eit helsingstelegram til HM kong Ha-rald, underteikna av partiformann Carl I. Hagen.

— Vi er blitt eit stort parti. Det betyr at vi får fleire interne debattar. Vi er blitt veldig gode til å ta debattar internt, ta nederlag og kjempe vidare, sa Hagen. Deretter braut det laus. Hagen gjekk i innlegget sitt til harde åtak på Regjeringa, på Ap og LO.

Omfamna Friele

Samstundes trykte Hagen Bergens-ordførar Herman Friele til sitt bryst for hans utspel om endra skattereglar for oljesektoren for å auke utvinninga. Friele har uttala seg kritisk om dei signala som har kome frå Regjeringa og finansministeren i denne saka.

— Vi sender eit helsing til Høgres landsmøte i neste veke: Lytt til ordførar Herman Friele og fylkesordførarer Roald Georg Bergsaker (H, Rogaland) og bli med Frps landsmøte i kampen mot finansminister Per Kristian Foss, kunngjorde Hagen.

Kamp mot kriminalitet. Innvandrarproblem. Bompengefinansiering. Dette var tre av dei emna som gjekk hyppigast att i debatten på landsmøtet.