Mesta sine folk sprøyter for tida kalkblanda sement på veggene i vegtunnelar i Bergen.

— Vi trur at lysare tunnelvegger har ein veldig stor effekt på trafikktryggleiken. Samstundes blir det meir behageleg å ferdast i tunnelane, ikkje minst for dei som slit med tunnelskrekk, seier overingeniør Karsten Epland i Statens vegvesen, Bergen distrikt.

Kvitkalka vegger gir lyset frå tunneltaket langt betre effekt enn i tunnelar der mykje av lyset vert absorbert av mørke vegger.

Arbeidet er med i kontrakten som Mesta vann i tevlinga om vedlikehaldsarbeidet på vegane i Stor-Bergen. Om lag 50 tunnelar skal kvitast. Dei fleste før jul.

Av dei tunnelane på E16 mellom Bergen og Voss, er det berre tunnelane innanfor bygrensa som no vert fiffa opp. Kjem du over i Voss og Hardanger distrikt er det like mørkt, i Knoltatunnelen enda mørkare, for der har lyset gått.

— Kan nokon skaffa pengar, skal eg både kalka og skaffe lys, seier distriktsvegsjef Arnfinn Ansok på Voss til Bergens Tidende.

— Det er eit fantastisk flott tiltak Bergen distrikt har fått til, seier Ansok, som har ansvaret for heile 140 tunnelar i sitt område.

— Vi strevar no med å skaffa 720.000 kroner som skal gje oss lyset attende i Knoltatunnelen like vest for Bulken. Her er det ikkje berre å skifta pærer, alt må fornyast, fortel Ansok.

Han er redd for at lyset kan bli borte i fleire tunnelar. Det ser ut til at lysanlegg i tunnelar ikkje har stort lengre levetid enn 25 år på våre kantar, kommenterer han, og legg til at lyset i Knoltatunnelen vil bli slått på att i god tid før jul.

Amundsen, Paul S.