— Sikre er vi ikkje før vi har stadfestinga frå bankane skriftleg, men det ser ut til å gå rett veg, seier Trygve Bolstad ved Smelteverket til Bergens Tidende.

Alternativet til utvida kreditt eller frisk kapital, er oppbod i Hardanger skifterett.

Tidlegare utbetaling av feriepengar er berre eitt av fleire kostnadselement som påverkar likviditeten i selskapet når smelteverket skal nedbemanna frå 207 til 65 personar (derav fire lærlingar). Produksjonen i omnane må trappast ned gradvis dei siste to vekene før dei blir sløkte for alltid, seinast 30. juni.

Heretter skal verksemda først og fremst produsera dicy. Når marknadstilhøve tilseier det, skal det også produserast cy50. Om eit par år vonar Odda Smelteverk å ha ein PCC-fabrikk i drift. Då slepp ein ureina Sørfjorden med filterkake, og kan stogga produksjonen av CO2 i kalkbrenneriet. Den amerikanske eigaren vil investera 50 millionar kroner i prosjektet, men regjeringa har sagt nei til å delta med dei resterande 100 millionane. Oddingane set no si lit til Stortinget.

— Det hadde vore rett og rimeleg at styresmaktene deltok med eit såpass høgt beløp ut frå all energisparinga og miljøvinsten omlegginga i Smelteverket representerer, seier Bolstad.

Han vedgår likevel at dei truleg må nøya seg med noko færre statlege millionar. Men prosjektet er så gunstig at det kan stå på eigne bein, med kapital også frå andre hald.