Prosjektleiar Øivind L. Søvik er ganske sikker på at samferdsleminister Liv Signe Navarsete gjorde eit lurt trekk då ho utsette det vidare arbeidet med Hardangerbrua.

Prisane på veg ned

Pristilboda for tunnelarbeidet på begge sider av fjorden var minst 30 prosent høgare enn venta. Alle tilboda vart vraka. Konsulentar i Metiér har sett i gang ny kvalitetssikring av reknestykka, og det er duka for ny utlysing på tilbod i mai.

– Då vil det bli høve å gje pris både på tunnelarbeid og bruarbeid under eitt. Men entreprenørane får også høve til å rekna på avgrensa delar av prosjektet, seier Søvik.

Han melder om stor interesse både frå norske og utanlandske entreprenørselskap.

– Tunnelarbeida for Hardangerbrua vart utlyst på eit tidspunkt då prisane galloperte i anleggsbransjen. No er det meir edrueleg, seier Søvik og viser til ny prisinnhenting for Nidelva bru i Trondheim.

I gang i fjor

Bygging av Hardangerbrua vart vedteke i Stortinget 28. februar 2006, nær 68 år etter at bonde og museumsmann Amund Bu lanserte ideen i eit lesarbrev i Bergens Tidende.

På dagen eitt år seinare tok arbeidet til. Den lokale entreprenøren E. Opedal & Sønner har bygt gang— og sykkelveg nesten opp til brua på Vallaviksida. Vegen stoggar der sykkelvegen skal smetta inn i ein liten sidetunnel til den planlagde sidegreina til Vallaviktunnelen som skal føra ut på brua.

For å kunne laga denne vegen med fine murar, er det også laga ny veg til Vallaviktunet på oppsida, og gjort utbetringar på fylkesvegen mot Tjoflot nedanfor.

Stillstand

Men dei store norske entreprenørselskapa kravde for høge prisar på tunnelarbeid, og ingen fekk overta der Opdal avslutta. Statsråden stogga prosjektet i von om lågare kostnader i internasjonal tilbodstevling. Stilla har senka seg over anleggsområdet. Brakkerigg og anleggskontor attmed Paul Wallevik sine utleigehytter er folketom. No er det von om å ta fatt att ved årsskiftet, og bruopning i 2012, eitt år etter planen.

STILLSTAND: Lite aktivitet på anleggskontor og brakkerigg ved Paul Wallevik sine utleigehytter. I anleggstida vil også dei hysa anleggsfolk.
arne hofseth
FERDIG VEG: Første delt av Hardangerbruprosjektet er ferdig. Gang- og sykkelveg på Vallaviksida er bygt ferdig til tunnelinnslaget, mellom murar mot vegen opp til Vallaviktunet og fylkesvegen utover fjorden mot Tjoflot. I framgrunnen bussløyfe der dei tre vegane møtest.
arne hofseth
VEGG-TIL-VEGG-BRU: Hardangerbrua skal gå frå fjellvegg til fjellvegg. Rett inn i tunnelar med rundkøyringar i fjell på begge siderav fjorden.ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN